ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Ny giv for norsk landbruk!

Foto: Viggo Jordahl

Samrøystes vedteke fråsegn på årsmøtet til Buskerud SV 2010.

Frå 1970 til 2009 er 70 prosent av alle gardsbruk i Noreg nedlagde. Det betyr at 150 000 arbeidsplassar er blitt borte. Nesten halvparten av tapet er det Vestlandet og Nord-Noreg som har måtta bere, men også i distriktsjordbruket elles, for eksempel i fjellbygdene, er avgangen langt sterkare enn i det bynære landbruket. Denne trenden er like sterk dei siste 10-15 åra, og han held fram den dag i dag. Dette er resultatet av den landbrukspolitikken som er og blir førd:

Sentralisering

Jordbruksproduksjonen blir meir og meir overført til dei sentrale områda på Jæren og kring Oslofjorden og Trondheimsfjorden. Dette gjeld alle produksjonar og alle dyreslag. Sysselsettinga i jordbruket blir kanalisert til dei delane av landet som har befolkningsvekst, medan distriktskommunane taper.

Gjeldseksplosjon

Den samla gjelda i norsk jordbruk har dei siste ti åra auka enormt, frå 24 milliardar kroner til 42 milliardar, samtidig som talet på gardsbruk er redusert frå 70 000 til 45 000. Vi har fått eit langt meir sårbart jordbruk som er blitt sterkt avhengig av svingingar i finansmarknaden.

Sjølvforsyningsgraden går ned

I strid med det som blir hevda, produserer norsk jordbruk reelt sett stadig mindre av den maten vi treng. Grunnen til nedgangen er fyrst og fremst at det blir brukt vesentleg meir kraftfôr både i mjølke- og kjøtproduksjonen, og mest halvparten av dette er importert.

Eigne ressursar forfell

Den utviklinga vi ser, med sentralisering og stordrift, fører til at landbruksareal i distriktsjordbruket blir lagd brakk og store beiteressursar blir liggjande ubrukt. Forfall i kulturlandskapet er ei nødvendig følgje av dette.

Denne utviklinga er på alle punkt i strid med det SV står for i landbrukspolitikken og er ikkje berekraftig, korkje i nasjonalt eller internasjonalt perspektiv. Mat- og landbruksorganisasjonen til FN (FAO) har slått fast at alle land må produsere meir på eige ressursgrunnlag (sjølvforsyning) om ein skal ha håp om å redusere svolt og fattigdom i verda. Som eit apropos til dette kan det nemnast at Noreg med sin kraftfôrimport legg beslag på 2,5-3 millionar dekar i utlandet, hovudsakleg i fattige land der folk svelt.

Matkvalitet og -pris

Det er ein myte at norsk mat er dyr. I forhold til prisstiging og inntektsutvikling har norske matvareprisar gått ned. I 2009 steig kjøttprisane internasjonalt med 10 % - 15 %. I Noreg har prisen på kjøtt gått ned med 1,8 %.

SV må leggje vekt på at mat av god kvalitet må vere tilgjengeleg for alle – fattig og rik. Staten må ta ansvar og stille klare krav til matprodusentane om næringsinnhaldet i maten. Ny forsking om skilnader i kvalitet mellom økologisk og tradisjonelt produsert mat må liggje til grunn for arbeidet med den komande stortingsmeldinga. Folk flest ønskjer å kjøpe og ete sunn, trygg, økologisk mat - dersom forholda vert lagt lagt til rette for det. Ikkje minst er mange opptekne av dyrevern i produksjonen. Norsk landbruk har eit stort utviklingspotensiale innan økologisk matproduksjon og utmarksbasert reiseliv. Dette er satsingsområdet som ikkje minst kjem distrikta til gode, og må speglast i klart auka overføringar til økologisk drift.

Kursen må endrast NO!

Den negative trenden i norsk jordbruk har skote fart det siste tiåret ved at stadig meir av utviklinga er overlate til marknaden, godt støtta av staten og landbruksforvaltninga. Vi kan forstå at høgresida, industrilandbruket og kapitalen er godt nøgd med dette og gjerne vil ha meir av same medisin. For venstresida kan ikkje dette vere ein farande veg. Når det no er varsla ei ny stortingsmelding om landbrukspolitikken, krev vi at SV sentralt straks set desse spørsmåla på dagsorden og startar arbeidet med ein ny utviklingsstrategi for norsk landbruk. Avgjerande element i denne må vera auka sjølvforsyning bygd på lokale ressursar, stopp i sentraliseringa og strukturrasjonaliseringa og systematisk vektlegging av distriktsjordbruket.


Sist endret: 05.03.2010 kl. 14:25

SV i sosiale medier


Ledervalg 2012


Hva skjer?
11. feb. Årsmøte 2012

Nyhetsbrev

Logg inn



Buskerud SU