Oppretting av arbeidsinstitutt i Hallingdal
Foto: Viggo Jordahl
Samrøystes vedteken fråsegn frå årsmøtet i Buskerud SV 2010.
Buskerud SV vil arbeide for at det vert oppretta eit tilbod for unge som står i fare for å slutte, eller som allereie har slutta på vidaregåande skule i Hallingdal. I Nedre Buskerud har ein eit godt utbygd alternativ til desse gruppene gjennom Arbeidsinstituttet i Buskerud, med fire avdelingar fordelt på Drammen, Kongsberg, Hønefoss og Modum. Dei øvre delane av fylket har per i dag ikkje noko noko liknande tilbod.
Fråfall
Elevar som fell utafor i skulesamanheng, opplever ofte at dei også fell utafor sosialt. Dei mistar opplevinga av å høyre til ein stad og vegen kan vera kort til einsemd og dei vanskane det kan medføre, eller dei kan søke seg til ulike negative miljø.
Dette gjeld ofte:
- Dei som av ulike grunnar sluttar undervegs i vidaregåande skule.
- Dei som ikkje kan tenke seg eit vidaregåande løp fordi dei har så mange negative opplevingar i høve det å koma til kort i ein altfor teoretisk skulekvardag.
- Dei som ikkje byrjar på vidaregåande skule fordi dei ikkje har nokon aning om kva for val dei skal ta.
God oppfylging
Arbeidsinstituttet i Buskerud har gjennom mange års virke opparbeida seg god kompetanse på dette området, og kan vise til gode resultat. Elevane kan søke seg dit heile året, og dei får hjelp ved at det vert utarbeida ein plan for kvar enkelt ut i frå deira eigne føresetnader. Målet er at elevane skal vidare på skule eller i arbeid.
AI for distrikta
Desse ungdomsgruppene finst òg i Hallingdal - i eit noko mindre omfang, men for dei det gjeld er det like alvorleg. Hallingdal treng difor og eit tilbod som kan fange opp desse ungdomane, og på den måten minske fråfallet i vidaregåande skule. Opplegget bør bygge på Arbeidsinstituttet i Buskerud sine erfaringar og filosofi, men tilpassast lokale forhold.
Sist endret: 05.03.2010 kl. 13:19











