ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

BERGEN SV

Postboks 1086 Sentrum
5809 BERGEN

Telefon direkte:55566403
Mobiltelefon:95002837E-post: bergen@sv.no

LOKALLAGSLEDER
Sara Bell


Arbeidsgjevargaranti

Foto: SV

Her finn du Bergen SVs arbeidsgjevargaranti.

Dei tilsette er Bergen kommunes fremste og avgjerande ressurs. Kompetente og engasjerte tilsette med skikkelege løns- og arbeidsvilkår er føresetnaden for at Bergen kommune kan utvikla gode omsorgstilbod, trygge oppvekstvilkår og føremålstenleg drift. Ein god arbeidsgjevarpolitikk er berebjelken for kvaliteten på alle kommunale tenester.

Bergen kommune skal vera ein trygg arbeidsplass og ein attraktiv arbeidsplass med godt omdøme. Berre slik kan Bergen kommune rekruttera og halda på ein stabil og kvalifisert arbeidsstokk i open omsorg, skular, barnehagar, sjukeheimane, barnevern, sosialteneste og i teknisk sektor. Vi treng tilsette som opplever seg trygge i jobbane sine, som får utvikla seg fagleg, som i sitt daglege verke kjenner seg stolte i yrket og er visse på at dei får utøva jobben på beste måte. Den einskilde tilsette må vera trygg for at ho har ein stillingsstorleik til å leva med og ei løn å leva av. Heiltid må bli Bergen kommunes varemerke i arbeidsgjevarpolitikken.

Dei tilsette skal ha tid til å driva med kjerneaktivitane og ikkje måtta bruka stadig meir tid på rapportering og skjemavelde. Etterkvart vil dette gje lågare sjukefråver, slik at dette er noko alle tener på. Dei tilsette vil få betre arbeidsforhold. Kommunen vil få ein betre og meir stabil arbeidsstyrke – og innbyggjarane i Bergen vil få betre tenester.

Med arbeidsgjevargarantien vår forpliktar vi oss til å gjera Bergen kommune til ein føreseieleg, trygg og framsynt arbeidsgjevar slik dokumentet viser. Kjem vi i posisjon etter valet, kan du vera trygg på at vi vil kjempa for garantien med nebb og klør i byrådsforhandlingar og samarbeidsavtalar. Kjem vi ikkje i posisjon, vil vi uansett kjempa for innhaldet i arbeidsgjevargarantien ved alle høve i allianse med alle progressive krefter.

For å gjera kommunen til ein attraktiv arbeidsgjevar som sikrar gode velferdsordningar, vil Bergen SV i 2011-2015 prioritera:

  1. Gode løns- og arbeidsvilkår!
  2. Tenesteyting framfor skjemavelde!
  3. Heiltidskommunen Bergen!
  4. Stopp privatisering og reverser konkurranseutsetjinga!
  5. Dei tilsette skal ha medverknad!

1) Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Arbeida for at alle tilsatte skal få tilbod om heiltidsjobb i fast stilling.
  • Arbeida for samarbeid med fagrørsla i kampen for å få på plass forpliktande planar for likelønn for kommunalt tilsette, spesielt for lågtlønnsgruppane.
  • Arbeida for at kommunen i samarbeid med fagorganisasjonene gjennomfører eit langvarig forsøksprosjekt med sekstimarsdagen i heimetenestene, med sikte på at ordninga skal bli varig.
  • Arbeida for flere kvinner i leiande stillingar. I omsorgsektoren må prosenten kvinnelege leiarar samsvara med prosenten kvinnelege tilsette.
  • Ha ein aktiv seniorpolitikk for betre å leggje til rette for at seniorar kan stå lengre i jobb, m.a. gjennom tilpassa og redusert arbeidstid om det er naudsynt og betre tilrettelegging av arbeidsoppgåver.

2) Tenesteyting framfor skjemavelde

  • Bestillar/utførarmodellen må avviklast. Modellen organiserer kommunen som ein leikemarknad og medfører føremålslaus papirflytting og byråkrati. Bestillar/utførarmodellen stengjer for heilskapsvurderingar og fremjar ansvarspulverisering. Dette er særleg alvorleg innafor beredskaps- og omsorgstenester, som nett krev heilskapstenking for at kvaliteten skal bli god og trygg.
  • Redusera byråkratiseringa, slik at dei tilsette kan ha fokus på arbeidet og ikkje på kontroll og utfylling av skjema.
  • Stoppeklokka skal skruast av for å få meir kvalitetstid til dei som treng omsorgstenester.
  • Redusera byråkratiseringa av alle einingar i kommunen for å få til meir tid til å utføre tenestene.

3) Heiltidskommunen Bergen

  • Arbeida for at alle kommunalt tilsette skal få tilbod om heiltidsjobb
  • Arbeida for å auka grunnbemanninga innanfor helse- og omsorg og dermed også kunna tilby fleire fast heiltidsjobb.
  • Redusera bruken av overtid og bruka frigjorde midler til å auka stillingsandelar og tilbod om fast stilling til fleire.
  • Avvikla så langt som mogleg alle avtalar med private bemannings/vikarbyrå og bruka frigjorde midlar til å auka grunnbemanninga med tilbod om heiltidsjobb for fleire, slik at behovet for bemanning/vikarbyrå vert redusert.
  • Bergen kommune skal ha eiga vikarteneste/vikarkontor for alle større tenesteområde, med fast tilsette vikarar i heile stillingar.
  • Alle stillingar skal fortrinnsvis lysast ut som heiltids-stillingar.

4) Stopp privatisering og reverser konkurranseutsetjinga

  • Konkurranseutsetting er ei form for mistillit retta mot offentleg tilsette og skaper grobotn for mistenkeliggjering av alle som ikkje driv privat verksemd.
  • Bergen SV vil rekommunalisera dei konkurranseutsette sjukeheimane når avtaleperioden går ut.
  • Bergen SV vil reversera konkurranseutsetjinga av heimetenestene og heimesjukepleien.
  • Bergen SV vil til dømes leggja til dømes vatn, bydrift og kino under direkte demokratisk styring.
  • Bergen SV vil at Bergen kommune skal arbeida for å auka andelen kommunale barnehageplassar. Alle nye barnehagar skal fortrinnsvis byggjast og drivast av Bergen kommune. Bergen kommune må overta (små) private barnehagar som ynskjer det eller som ikkje vinn å driva vidare.
  • Seia nei til privatisering av kommunale tenester. Velferd skal utførast av det offentlege med ideelle aktørar som supplement – ikkje av kommersielle selskap
  • Redusera bruken av mellombelse stillingar og vikarar til eit absolutt minimum.
  • Offentleg verksemd skal ikkje inngå avtalar med leverandørar/underleverandørar som driv sosial dumping.
  • Alle våre leverandørar skal ha avtalar som er i tråd med ILOs åtte kjernekonvensjonar.
  • Bruken av kontraktørar skal vera sterkt avgrensa innafor offentleg verksemd. Kontraktørverksemd undergrev faglege rettar både for kontraktør-tilsette og dei fast tilsette.

5) Dei tilsette skal ha medverknad!

  • Arbeida for, saman med fagorganisasjonane, å tilpassa og justera turnusar og andre arbeidstidsordningar som kan vera med på å redusera sjukefråveret og heva kvaliteten på tenestene.
  • Arbeida for å auka dialogen med og openheita overfor dei tilsette.
  • Arbeida for å styrkja dei tilsettes rett til å ytra seg og å styrkja varslarvernet, m.a. gjennom ein forpliktande varslarplakat
  • Arbeida for at tilsette får aktivt medverka til utvikling og forbetring av tenestene gjennom medarbeidarinitiert omstilling i tråd med modellkommunemetodikken.
  • Vidareutvikla kommunen som opplæringsverksemd for lærlingar.

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn