Busjett i Robin Hoods ånd
Foto: Stig Marlon Weston
- SV er Bergen sitt svar på Robin Hood. Vi vi er både rettvise og glad i skogen, seier ein spøkefull Oddny Miljeteig som er gruppeleiar for SV. I sitt alternative bybudsjett tek dei pengar frå rådhuset, næringslivet og dei største boligeigedommane og gir midlar til fleire tilsette i skulen, bornehagane, sjukeheimane, auka sosialhjelp og forsterka satsing på rusvern.
- SV vil at Samhalds-Bergen skal vinne over Fattig-Bergen, fortel gruppeleiaren og tek fram eit løfte i sosialhjelpssatsane op til SIFO-nivå og gjeninnføring av 80-regelen som dei to viktigaste grepa. Partiet vil også ha slutt på at kommunale bustader forfell medan byrådet tek pengar frå bustadselskapet BBB. I tillegg vil vi støtte dei spirene til betre samhandling og samarbeid vi har sett i rusomsorga.
- SV vil også at Bergen skal bli ein by som tek miljøansvar, slår gruppeleiaren fast. Ho fortel at byrådet kunne syta for store utsleppsreduksjonar om dei ville brukt kjende og effektive grep for å skaffa oss fleire midlar til meir Bybane og annan kollektivtrafikk. I sitt bybudsjett foreslår SV mellom anna SV meiner Bergen på eigen kjøl kan satse mykje meir på sykkel gjennom ei forsterka satsinga på sykkelvegar og sykkelparkering. Vi støttar Byluftlisten sitt forslag om eige Sykkelkontor. Partiet vil også ha eit massivt ENØK-løft i Bergen og ein mykje grønare næringspolitikk med vekt på både hypermoderne innovasjonar og kortreist tradisjonsmat.
Sist endret: 15.12.2011 kl. 13:28










