ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

BERGEN SV

Postboks 1086 Sentrum
5809 BERGEN

Telefon direkte:55566403
Mobiltelefon:95002837E-post: bergen@sv.no

LOKALLAGSLEDER
Sara Bell


Ingen tvangsretur av asylsøkjarar til Etiopia og Eritrea – regjeringa må snu!

Foto: Sara Bell

Bergen SV protesterer på det kraftigaste mot at regjeringa har forhandla fram ein tvangsreturavtale for asylsøkjarar med Etiopia og no er i gang med å forhandla fram ein avtale med Eritrea. Vi åtvarar på det sterkaste mot å tvangsreturnera menneske til regime som utmerkar seg i verdssamanheng med brot på menneskerettane.

Norsk Organsiasjon for Asylsøkjarar (NOAS) omtalar Eritrea som ”et av de verste landene i verden når det gjelder menneskerettighetsbrudd, både i grovhet og omfang.” Vidare slår NOAS fast at tvangsretur til Eritrea er i strid med FNs klare råd. FNs høgkommissær meiner det er forbunde med risiko å tvangsreturnera folk som har desertert frå militæret, politiske opposisjonelle, journalistar, menneskerettsaktivistar, religiøse minoritetar og homoseksuelle. FN rapporterer at 2000 menneske, for det meste unge, flyktar frå landet kvar månad for å unngå ei militærteneste som vert bruka til å halda folket i ei form for statleg trældom på ubestemt tid.

Vi registrerer med vantru at statssekretær Pål Lønseth seier regjeringa med opne augo vil trassa tilrådingane frå FNs Høgkommissær for flyktningar: ”Norge er ikke forpliktet til å følge høykommissærens anbefalinger” seier Lønseth som eit ekko av kommunalminister Erna Solberg i Bondevik II. Bergen SV konstaterer at Eritrea-ekspert Kjetil Tronvoll meiner Eritrea best kan samanliknast med Nord-Korea og Burma og at ingen flyktning eller asylsøkjar burde sendast tilbake dit. Tronvoll støttar Amnesty i vurderinga av at Eritrea er eitt av dei verste landa i verda når det gjeld brot på menneskerettane.

Menneskerettssituasjonen i Etiopia har vorte klart verre siste året, melder NOAS. Det etiopiske regimet brukar store ressursar på å forfølgja og fengsla sine kritikarar, anten det gjeld tidlegare parlamentsmedlemer, journalistar eller sivile aktivistar. Etiopia har dei siste åra vore det afrikanske landet flest journalistar har flykta frå. I Noreg er ein del av dei etiopiske borna blant dei som har budd lengst utan opphald. Bergen SV meiner regjeringa må konsentrera seg om å finna gode løysingar for desse i staden for å gjera avtale om tvangsretur med eitt av dei mest undertrykkjande regima vi kjenner. Vi krev at ingen born skal sendast ut før stortingsmeldinga om born på flukt er lagd fram og behandla.

Framfor alt krev vi i dag at regjeringa frys den framforhandla avtalen med Etiopia og stoggar arbeidet med å forhandla fram tvangsretur-avtale med Eritrea. Vi forhandlar ikkje om menneske med despotiske og undertrykkjande militærregime! Bergen SV forventar at SV sentralt står opp i regjering og Storting mot ei slik inhumanisering av norsk flyktninge- og asylpolitikk og gir partiet sentralt all vår støtte til dette.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn