ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Vedkomande Kvamskogplanen

"Områda Byrkjefjell, Røyrlitjørnene og Stuttli på Kvamskogen må haldast utanfor all utbygging," heite det mellom anna i denne fråsegna som vart vedteken av eit utvida fylkesstyre 21. februar etter at ho vart oversendt av fylkesårsmøte.

Mer om...

Til: SVs stab i Miljøverndepartementet og miljøfraksjonen i SVs stortingsgruppe
Vedkomande Kvamskogplanen

Kvam herad har i åtte år arbeidd med å rullera reguleringsplanen for Kvam skogen. Resultatet ligg føre i den såkalla Kvamskogplanen der Kvam Herad no legg opp til omfattande fortetting i noverande byggjesone og markert utviding av byggjeområda i nord og sør – også i verneverdige naturområde over tregrensa.
Både Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har kome med motsegner til delar av planen. Hordaland SV støttar desse og vil i tillegg understreka spesielt at det ikkje må byggjast over tregrensa, og at områda Byrkjefjell, Røyrlitjørnene og Stuttli på Kvamskogen må haldast utanfor all utbygging. Hyttestorleiken må avgransast, og utbyggingane i området må heller ikkje bli så store at det øydelegg naturen og det verdfulle rekreasjonsområdet Kvamskogen i dag er for svært mange menneske.


SV i sosiale medier


Hva skjer?
16. juni. Fylkesstyremøte

Nyhetsbrev

Logg inn