Publisert: 17.12.2008
SV er eit parti for verkeleg folkestyre. Avstanden mellom politikarane og innbyggjarane som dei skal arbeida for, bør vere minst mogeleg både i politiske arbeidsmåtar og geografi. Folk bør dragast meir direkte inn i politiske avgjerder gjennom opne og inkluderande prosessar frå politikarane si side og ved bruk av deltakande demokrati. Meir folkeleg deltaking vil redusera påverknadskrafta til lobbyistar og pengesterke særinteresser.
Publisert: 17.12.2008
Kampen for full kvinnefrigjøring og likestilling er ein kamp for rettferd for alle. Likestilling kjem ikkje av seg sjølv, men er eit resultat av eit kollektiv ønskje om omfordeling av goder og byrder i samfunnet. Høve til å påverka fordelinga av goder og byrder, både i det private og det offentlige rom, handlar om makt. Denne makta er systematisk ulikt fordelt mellom kvinner som gruppe og menn som gruppe.
Publisert: 17.12.2008
Forvalting av ressursane handlar om at komande generasjonar skal ha minst like godt utgangspunkt som oss. Det tyder at jord, vatn og luft skal ha same, eller betre kvalitet i framtida.
Publisert: 17.12.2008
Ein sosialistisk samferdslepolitikk er ein politikk til nytte for den jamne innbyggjar for å gjera kvardagen tryggare og enklare, samstundes som arbeidet skal tuftast på felles, kollektive og offentlege løysingar. Alt dette skal skje på miljøet sine premissar, så SV vil alltid velja dei mest miljøvenlege løysingane. Me vil til dømes bruka nye fornybare energikjelder i transportsektoren framfor ikkje-fornybare kjelder, og me vil alltid ta i bruk dei alternativa som ikkje forureinar, eller som forureinar minst. Dette må tyda ein vesentleg reduksjon i bruken av privatbil, spesielt i Bergen.
Publisert: 17.12.2008
Kompetanse er ein berebjelke SV sin politikk, og me arbeider for ein inkluderande skule som lar kvar enkelt elev få utvikla seg i tråd med sine evner og interesser. Fylkeskommunen driv over 40 vidaregåande skular spreidde i heile fylket, og SV arbeider for at desse skulane skal vera gode arbeidsplassar for både elevar og tilsette.
Publisert: 17.12.2008
SV ønskjer eit næringsliv som legg eit samfunnsøkonomisk perspektiv til grunn for avgjersler, og som ikkje berre har rask forteneste som einaste mål. SV vil arbeida for eit variert næringsliv i Hordaland, både i by og bygd, med utgangspunkt i den kompetansen og dei naturlege vilkåra me har. SV sin næringspolitikk har som mål å tryggja grunnlaget for busetnad og skaffa det materielle livsgrunnlaget og skapa nyttige gode og tenester i heile fylket.
Publisert: 17.12.2008
Arbeid gjev oss fellesskap og tilhøyre, og difor er arbeidsløyse ei sløsing med menneskelege ressursar og ei viktig årsak til aukande økonomisk og sosial ulikskap mellom folk. Det er ei nasjonal målsetting at arbeidslivet skal vera ope for alle. Likevel har mange funksjonshemma og kronisk sjuke særleg store vanskar med å få innpass på arbeidsmarknaden.
Publisert: 17.12.2008
Me lever i dag i eit samfunn under sterk endring. Nye reisevanar og ny teknologi tar oss nærare resten av verda, noko som har innverknad på oss, både på godt og vondt. For Hordaland SV er det svært viktig at me vernar om lokal kultur utan å stengja for impulsar utanfrå. Samfunnet er i dag prega av aukande kommersialisering, og satsing på kultur er også god næringsutvikling. Likevel er me klar over faren ved å ”selja” kultur og går imot privatisering av kino og liknande institusjonar.
Publisert: 17.12.2008
SV i Hordaland vil ha eit breitt offentleg helsetenestetilbod i fylket vårt, ubunde av folk si inntekt eller bustad. Ikkje alle innbyggjarane i Hordaland er friske heile tida, alle er me avhengige av eit godt helsestell og gode tenester!
Publisert: 17.12.2008
Hordaland er ein del av verda, det merkar me auka grad i kvardagen. Internasjonale tilhøve innanfor økonomi, kultur og politikk påverkar direkte og indirekte tilhøva i Hordaland. Kva me gjer i Hordaland har stadig større påverknad på andre delar av verda. Hordaland treng ein politikk for sitt tilhøve til verda og ein politikk for dei nye utfordringane som kjem som følgje av den auka samanflettinga av verda.