Forsvar språkretten!
Foto: Heidi Sund
- Hordaland SV er uroa over ein del av framlegga til Utdanningsdirektoratet når det gjeld sidemålet. Ei god sidemålsopplæring er ein føresetnad for god opplæring i norsk seinare, og ein føresetnad for at nynorsk skal vere eit samfunnsberande språk, seier fylkesleiaren.
Kunnskapsminister Kristin Halvorsen var i dag ute og opna for større endringar i norskfaget. Utdanningsdirektoratet vil ta bort standpunktkarakter i sidemål og ta vekk sidemålseksamen i ungdomsskulen. Dette skal no ut på høyring.
Hordaland SV er uroa over desse framlegga, og meiner det er viktig å sikre nynorsken i dette nye norskfaget. For oss er det openbert at styrking av sidemålsopplæringa styrkjer nynorsken, men deler av framlegga som kjem frå Utdanningsdirektoratet, går til åtak på sidemålsopplæringa. Ei god sidemålsopplæring er ein føresetnad for god opplæring i norsk seinare, og ein føresetnad for at nynorsk skal vere eit samfunnsberande språk.
Det at vi ikkje har berre eitt, men to skriftspråk med kvar sine historiske og språklege opphav og kvar sine skriftkulturar gjer det krevjande å lage ein læreplan i norsk. Men å svekkje sidemålsopplæringa, er å svekkje nynorsk som offisielt språk. At bokmålsmajoriteten i Noreg får skriftleg opplæring i mindretalsspråket nynorsk, er sentralt for å ta vare på språkrettane til nynorskbrukarane. Nynorsk er i dag fyrstespråket til om lag ein halv million menneske. Nynorsken vert brukt av institusjonar og einskildmenneske i alle delar av samfunnet, men overlever ikkje som bruksspråk dersom mindretalet skal stå åleine om ansvaret for å halde oppe språket. Difor er ordningar som senkar krav til nynorskkunnskap i realiteten ei nedbygging av nynorsken.
Kunnskap frå mellom anna Holmlia skole i Oslo syner at det er fullt mogeleg å lukkast med sidemålsopplæring. Her har kunnskapsrike og fordomsfrie lærarar arbeidd med å auke både lærar- og elevkompetanse i nynorsk - og dei har lukkast. Framtidas elevar fortener slike lærarar som dei på Holmlia - som kan faget sitt, som kan lære det bort, og som gjev elevane motivasjon og meistring.
Hordaland SV vil no seie klart i frå til kunnskapsminister Kristin Halvorsen at ho må leggje til grunn at norske elevar skal ha høg kompetanse i båe dei norske skriftspråka, og at ho såleis styrkjer norskfaget i skulen i staden for å svekkje krava til kompetanse i norsk språk.
For meir informasjon:
Fylkesleiar Steinar Nørstebø, tel.: 95 21 15 13
Sist endret: 24.01.2012 kl. 17:09











