Arbeidsplan 2010
Foto: Hallvard Indgjerd
Hordaland SV har som hovudmål i 2010:
* Arbeide vidare for dei sakene vi fronta i valkampen 2009: Miljøvennlig transport, likelønn og gratis tannhelse.
* Starta arbeidet med å bli ein del av flest mogeleg fleirtal i fylket og kommunar ved lokalvalet i 2011.
* Drive utvikling av ny radikal og jordnær sosialistisk politikk innanfor: Helse og omsorgspolitikken, med fokus på styringsmodeller og alternativer til New Public Management. Integreringspolitikken med vekt på rettferd og mangfald. Næringspolitikken med vekt på utvikling av nye grøne arbeidsplassar
Følgjande saker skal vere prioritert i det politiske arbeidet i 2010:
* Forhindre at det vert lagt til rette for petroleumsvirksomhet i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
* Syte for at bybanebyggjina i Bergen held fram og kollektivtilbodet vert langt betre i heile fylket. Og at Bergensbana får høgara politisk prioritet slik at ein innan 2020 kan få gjort den moderniseringa av banen som er naudsynt for å få reisetida mellom Bergen og Oslo ned i under fire og ein halv time.
* Få opp tempoet på det politiske arbeidet for likelønn i fylkeskommunen og kommunar i Hordaland.
* At den rød-grønne regjeringa fører ein asyl- og innvandringpolitikk som tek tilstrekkelig omsyn til den enkelte sine grunnleggjande menneskerettar. Tvangsutsendingar av asylsøkjarar skal ikke skje på tvers av råda til FNs høgkommisær for flyktningar utan at norske styresmakter har ein omfattande og truverdig dokumentasjon på at utsendingane er trygge.
* Arbeide vidare for ein politikk som hindrar skjemmande luftspenn ("monstermaster") for kraftoverføring i sårbare landskap.
* Arbeida for å få fart i det kommunale arbeidet med tilrettelegging for elektriske bilar i Hordaland
Følgjande område skal vere prioritert i det organisatoriske arbeidet i 2010:
* Legga grunnlaget for å stilla lister i flest mogeleg kommunar til lokalvalget i 2011, m.a. ved å samla lokallagsleiarar og potensielle kandidatar frå kommunane til to samlingar for skolering og inspirasjon.
* Å halde god kontakt med våre viktigste allierte i fagbevegelsen, kvinnebevegelsen, miljøbevegelsen og fredsbevegelsen. I tillegg må Hordaland SV styrke kontakten med relevante organisasjoner i landbruket, kulturlivet, minoritetsmiljøene og på utdanningsfeltet.
* Styrke alle dei eksisterande laga med oppfølging og eige opplegg for opplæring. Alle laga skal på nett og nettbruken skal vesentleg aukas. Hardanger og Sunnhordland utviklast som samarbeidsregionar for SVarar og SV-lag i områda.
* Videreføre og styrke det gode samarbeidet med SU og oppmuntre lokallagene til å samarbeide med lokale SUere.
Vidareutvikle samarbeidet med fylkesleda og fylkestinsgruppene til Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt, men samstundes markere avstand og forskjellar frå dess frådesse partia.
* Auke aktiviteten og deltakinga i kvinnepolitisk utval, fagleg utval og Etnisk likestillingsgruppe, samt sikre at det er god kontakt mellom desse utvala og fylkesstyret.
* Syte for ein inkluderande og open prosess knytta til utviklinga av nytt prinsipprogram for SV.
*Halda kontakt med lokallaga, slik at dei er kontakta før kvart fylkesstyremøte.
Følgjande skal minst verta gjort i 2010:
* Gjennomføre et seminar i høvesvis Hardanger og Sunnhordland i samarbeid med laga og andre relevante samarbeidspartnarar i området.
* Halde fylkesstyremøte før kvart landsstyremøte og om lag månadleg elles. Minst 3 av møta skal vera utvida fylkesstyremøte og ha politiske innleiingar. Norsk Afghanistan-politikk, betring av vilkåra for småskala nisje produsentar i landbruket og new public management skal vere mellom emna. Eitt utvida fylkesstyremøte skal verta nytta til å debattera ein heilskapleg transportpolitikk for Hordaland, med vekt på miljøvenleg transport og kollektivsatsing
* Samle arbeidsutvalet til minst 15 møter.
* jJmnleg senda ut nyhendebrev til lokallag og tillitsvalde på epost.
* Utvikle samarbeidet med Rogaland SV og Sogn og Fjordane SV i samband med den nasjonale distriktssekretærordninga.














