ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Vedtekter for HSV

Sist endra på Fylkesårsmøte i Bergen 14. februar 2010

Mer om...

1. Hordaland SV

Hordaland SV er fylkesparti for SV i Hordaland. I tillegg til dei sentrale parti-vedtektene (§§12-17) blir fastsett fylgjande fylkesvedtekter:

2. Organ i fylkespartiet

Hordaland SV har fylgjande organ:

a) Fylkesårsmøte

b) fylkesstyre

c) utval oppretta av fylkesstyret

3. Samansetjing, oppgåver, møteinnkalling

3.1 Fylkesårsmøte er øvste organ i fylkespartiet og er sett saman av representantar for laga i høve til medlemstalet og av fylkesstyret (jfr §12 i sentrale vedtekter).

Laga får 1 utsending pr påbegynte 15 medlemmer. Ein legg SV sitt sentrale medlemsregister pr. 31.12. til grunn for utrekninga. Ingen lokallag kan likevel åleine ha meir enn 40% av det totale talet på moglege lokallagsrepresentantar. Ein frå kvart SU-lag og to frå fylkesstyret i SU kan møte med fulle rettar på årsmøtet.

Fylkesårsmøtet kan gje fulle rettar til ein representant frå kommunar utan lokallag.Fylkesstyret sine medlemmer har ikkje stemmerett i avstemningar som gjeld rekneskap og beretning.

3.2 Fylkesstyret blir valt av fylkesårsmøtet, og består av leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar, økonomiansvarleg, kvinnepolitisk leiar, fagleg leiar og 4 medlemmer. Det blir vald seks varamedlemmer.

Fylkesstyret skal vera sett saman slik at ein sikrar best mogleg geografisk spreiing. Det skal mellom Fylkesstyret sine faste årsmøtevalde medlemmer og varamedlemmer vere minst to medlemmer med etnisk minoritetsbakgrunn.

Hordaland Sosialistisk Ungdom vel i tillegg sjølv eitt medlem og eitt varamedlem av Fylkesstyret.
Fylkestingsgruppa har eitt medlem med fulle rettar i fylkesstyret.

Stortingsrepresentantar frå Hordaland har tale- og forslagsrett i fylkesstyret.

Det skal haldast minst 2 utvida fylkesstyremøte i året, der kvart lokallag har ein representant med samme rettar som dei øvrige styremedlemmene.

Minst halvparten av dei årsmøtevalde Fylkestyremedlemmane må vere til stades om møtet skal kunne gjøre vedtak.

Ved likt stemmetal i fylkesstyret tel leiar si stemme dobbelt.

3.3 Arbeidsutvalg: Fylkesstyret har eit arbeidsutval som består av leiar, organisatorisk nestleiar og politisk nestleiar. Økonomiansvarleg har tale- og forslagsrett. AU i fylkesstyret har generell fullmakt til å uttale seg på vegne av fylkesstyret mellom styremøta. Viktige prinsipielle saker bør leggast fram for fylkesstyret.

3.4 Utval: Fylkesstyret oppretter utval etter behov. Fylkesstyret er SO-styre.

4 Partiskatt

4.1 Det skal verte betalt 20% av brutto i partiskatt for lønn eller honorar frå verv som direkte eller indirekte spring ut av SV sin representasjon i Hordaland fylkesting.

4.2 For honorar eller lønn frå heil- eller deltidsverv skal det verte betalt 8% partiskatt av brutto. Fylkesstyret definere kva som kan reknast som heil- eller deltidsverv.

4.3 Tillitsvalde kan søke om fritak for partiskatt. AU skal handsame fritakssøknader.

5. Andre reglar

Alle vedtak i Hordaland SV vert fatta med allminneleg fleirtal. Vedtektsendringar kan berre vedtas av fylkesårsmøtet med 2/3 fleirtal. Alle endringsforslag til vedtekter må være fylkesstyret i hende minst to uker før årsmøtet.

6. Nominasjon

Nominasjonsmøtet er sett saman av delegatar frå lokallaga i fylket. Laga får 1 utsending pr påbegynte 15 medlemmer. Altså at 1-15 medlemmer gir 1 delegat, 16-30 gir 2 delegater, osv. Ein legg SV sitt sentrale medlemsregister pr. 31.12. til grunn for utrekninga. Ingen lokallag kan likevel åleine ha meir enn 40% av det totale talet på moglege lokallagsrepresentantar.Tre representantar oppnevnt av Hordaland SU sitt fylkesstyre kan møte med fulle retter på nominasjonsmøtet.

Fylkesårsmøtet kan endra reglane for representasjon til nominasjonsmøtet med allminneleg fleirtal. Slike vedtak må fattast i ikkje-valår, jfr sentrale vedtekter § 15. Før nominasjonsnemnda utarbeider sitt første framlegg til valliste skal lokallaga ha høve til å kome med framlegg og innspel til nemnda. Nemnda sitt førsteutkast skal sendast på høyring til lokallage med rimelig tilbakemeldingsfrist, før nemnda kunngjer sitt siste framlegg til valliste. Nominasjonsmøtet vedtek det endelege listeframlegget. SV kan invitere medlemmer, velgere og sympatisører til å komme med innspill til nomninasjonen. Opplysninger om hvor ein kan sende slike innspill skal være allment kjent, via internett eller/og media.


Sist endret: 19.02.2010 kl. 14:42

SV i sosiale medier


Hva skjer?
16. juni. Fylkesstyremøte

Nyhetsbrev

Logg inn