ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

OS SV

v/ Vigdis Vestvik
Prestegardskogen 125

5200 OS

Mobiltelefon:97476768E-post: vigdis1959@live.no

LOKALLAGSLEDER
Vigdis Irene Vestvik


Quo vadis, Os SV?

Foto: Stig Marlon Weston

Det gjekk ikkje som vona for Os SV ved kommunevalet denne gongen. Partiet mangla berre 17 røyster på å halda på mandatet sitt i kommunestyret.

Trass i god innsats under valkampen måtte Os SV til slutt innsjå at laget ikkje nådde fram i Os - denne gongen. Det var nok mange grunnar til at Os SV ikkje berga mandatet sitt i Os. Den nasjonale trenden verka utan tvil inn, men også lokalt har den siste kommunestyreperioden vore tung for SV-laget. Med berre eitt mandat vart partiet ikkje representert i noko utval, og heller ikkje i kommunestyret har Os SV makta å markera seg tydeleg nok.

- Det er trist og beklageleg at vi er ute av kommunestyret i ein så stor kommune som Os, men slik er det, sa listetopp Jens Jacob Lund til Os og Fusaposten den 17.9.

Quo vadis? På spørsmålet frå avisa om kvar Os SV går no, svara han mellom anna slik:

- Vi går ikkje, vi blir. Vi har eit oppegåande SV-lag, og ønskjer veldig eit ungdomslag i tillegg. Så sjølv om vi har tapt dette slaget, så skal vi reisa oss att. No må vi sjå framover til stortingsvalet i 2013, og vidare til det neste lokalvalet.

Styret i Os SV slutta seg klårt til denne offensive innstillinga då dei drøfta valkampen og valresultatet i etterkant av valet. Sjølv om utgangspunktet vert annleis, vil laget framleis følgja med i lokalpolitikken og fremja sitt syn i dei viktigaste sakene.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn