Bydelskafé - til stor gleda og til ettertanke
Sundag arrangerte folket på Litlabø "Bydelskafé", eit meget vellukka initiativ som samla mykje folk på Litlabø skule.
Eldsjeler på Litlabø arrangerte i dag Bydelskafé på Litlabø skule. Oppslutnaden om kafeen var overveldande og truleg mykje meir enn det arrangørane hadde venta seg. Innbyggjarar frå heile Sagvåg nytta høve til å besøkja kafeen, og truleg var det over 400 besøkjande i løpet av dei tre timane kafeen var open. Her var det folk i alle aldrar, frå nyfødde små nurk til oldeforeldre som viste sin oppslutnad til sjølve ”limet” i bygda. Ungane hadde det kjekt både utandørs og i gymsalen. Praten gjekk engasjert rundt borda, mellom kjente og ukjente. Og nettopp det var eitt av måla til arrangørane, at ein skulle bli kjent med kvarandre og skapa enno meir engasjement og oppslutnad om skulen og lokalsamfunnet. Sjølv sette eg stor pris på å drikka kaffi med folk eg ikkje har møtt tidligare. Dei kom med interessante synspunkt og forslag til vegen vidare i kampen for Litlabø skule.
Som innbyggjar i Sagvåg er det kjekt å treffa nye folk, og som politikar er det enno viktigare at ein har kontakt med folket. Det er viktig å utforma politiske standpunkt saman med folk, ikkje utforma og bestemma over folk. Eg er sterk tilhengar av meir lokaldemokrati og folkestyre, og eg er overtydd om at innbyggjarane er tent med og i stand til å ta ansvar for politiske vegval. Eg er også overtydd om at når ein har innbyggjarane med seg i politiske prosessar, vil ein i større grad lykkast å byggja opp om lokalsamfunnet.
Stord SV vil gjera det me kan for å ha ein betre dialog med innbyggjarane, tilsette, lag og organisasjonar enn det noverande politiske leiing har. Den politiske kommuneleiinga glimra med sitt fråvær i dag, ikkje uventa og kanskje klokt av dei også, men dei skulle vore på Litlabø i dag. Då hadde dei fått kunnskapar om eit skulemiljø og eit nærmiljø som bør satsast på, ikkje forringast.
Sagvåg 08.01.11.
Signe Ekeland
Gruppeleiar Stord SV










