Stem på Signe!
Foto: Rolf Skår
Fram mot valet vil me presentera dei øverste kandidatane på lista til Stord SV. Fyrst ut er ordførarkandidaten vår, Signe Ekeland.
Signe Ekeland
Signe Ekeland er Stord SV sin ordførarkandidat og 1. kandidat.
Signe er fødd 18.09.70, er einsleg og har to born (fødd 1998 og 2000). Ho kjem opprinneleg frå Kvinnherad, men har flytta til Stord og bur no i Sætrevikjo.
Ho har ei brei utdanning innan administrasjon og leiing frå BI, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen Stord/Haugesund. Arbeidsmessig har ho mellom anna jobba som lærar, og har mange års erfaring i både offentleg og privat sektor som fyrstekonsulent (Aetat/NAV), prosjektleiar (NAV) og i leiarstillingar (Vikefjell AS, Heiane Nord AS og Bømlo Industrier).
Signe har lang erfaring innan verksemdstyring og har til dømes vore hovudverneombod i Aetat i Hordaland i åra 2002-2005, styreleiar i Vikefjell AS sidan 2003, samt nestleiar i Idrettslaget Solid.
Elles er ho aktiv i organisasjonsarbeid og har hatt mange verv i både lokale organisasjonar såvel som i fagrørsla og i SV. I SV har ho blant anna vore nestleiar i Hordaland SV. No sit ho som leiar i Stord SV.
Kvifor bør du stemma på Signe?
- Vil ha ein betre dialog med innbyggjarane, tilsette, verksemder, lag og organisasjonar enn det den noverande politiske leiinga har hatt.
- Kommunen skal organiserast slik at den leverer best mogelege tenester til innbyggjarane, og kommunen skal vera ein god og attraktiv arbeidsgjevar.
- SV vil satsa meir på born og ungdom gjennom å styrka skulen, redusera SFO-betalinga, auke talet på vaksne i barnehagen og å utvide fritidstilboda.
(Henta frå TV2 Velgerguiden)
Meir informasjon kan ein finna på TV2 Velgerguiden: Signe Ekeland
Sist endret: 26.08.2011 kl. 13:07










