ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

VOLDA SV

v/ Karl Erik Ølnes
Fedengarden 1

6100 VOLDA

Telefon direkte:70077232
Mobiltelefon:93069534E-post: karlerikolnes@gmail.com

LOKALLAGSLEDER
Karl Erik Ølnes

KOMMUNESTYREGRUPPA
Åshild Vik
Gunnar Strøm


Nyheter

Nei til tvangsretur til Eritrea!

Noreg har nyleg inngått avtale med Etiopia om retur av flyktningar som har fått avslag på asylsøknaden sin. Kjelder i Justisdepartementet stadfester at det vert arbeidd med ein liknande avtale med Eritrea, som har ei stor gruppe papirlause flyktningar her i landet. Dette må ikkje skje. Volda SV vil på det sterkaste protestere mot dette. Noreg kan ikkje, som eitt av få land, sende menneske attende til eit land som praktiserer tortur og drap!

Valprogram 2011 - 2015

-Byggje kulturhus no!
-Eit trivelegare sentrum med god trafikkflyt.
-Ha Voldatunell snarast.
-Styrke ferge- og busstilbodet.
-Byggje ny Øyra barneskule.
-15 elevar pr kontaktlærar, utvida og variert skuledag med kultur, fysisk aktivitet, frukt og grønt.
-Gje auka hallkapasitet til idretten og gode vilkår for frivilligheita.
-Sikre at barnehagemidlane går til barnehagane!
-Gje arbeidsgjevargaranti til alle kommunetilsette.
-Styrke barneverntenesta, heimetenestene og institusjonsomsorga.
-Språkopplæring og arbeid i nærmiljøet for god integrering av innvandrarar.
-Utvikle og bruke Gamle Gymnas og Volda Elektriske Mylne.
-Styrke lokaldemokratiet ved hjelp av tenester på nett.
-Redusere klimagassutslepp frå Volda.
-Styrke jordvernet for å sikre god, kortreist og økologisk mat.
-Fremje berekraftig næringsutvikling


Statsråd Audun Lysbakken held hovudtalen 1.mai i Volda

Med likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken som hovudtalar burde arrangørane av årets 1. maimarkering i Volda vere sikra godt frammøte. Lysbakken har markert seg sterkt på fleire område som truleg vil stå i fokus på denne tradisjonsrike internasjonale kampdagen til arbeidarrørsla. Han har teke tak i barnevernet, for å gje dei mest utsette borna ein god oppvekst. Han har fått fart i den årelange kampen for likeløn og rett til heiltid, og utvida pappapermisjonen. Har har gitt innvandrar- og flyktningpolitikken ei ny retning med hovudfokus på dei gode integreringstiltaka.


Valliste 2011

Gunnar Strøm 1. plass på vallista.

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn