ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

NORD-AURDAL SV

v/ Rudolf Roovers
Gamleveien

2910 AURDAL

Telefon direkte:61365364
Mobiltelefon:90690238E-post: rudolfroovers@hotmail.com

LOKALLAGSLEDER
Rudolf Roovers

KOMMUNESTYREGRUPPA
Berit Synnøve Øygard


Nyheter

Norskfaget

Nord-Aurdal SV, samla til årsmøte 6.2.2012, reagerer sterkt på framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å innføre éin standpunktkarakter i norsk i ungdomsskulen og vidaregåande. Direktoratet føreslår òg å fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskulen, og gjera det til trekkfag i vidaregåande. Det å fjerne sidemålskarakteren gir sidemålet ein svekt status i skulen, fordi eksamen alltid har vore styrande for undervisninga. Sidan sidemålet for dei fleste er nynorsk, er det nynorsken som kjem svekt ut av framlegget.

 

Gjennom St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer og St.meld. nr. 85 (2007–2008) Mål og meining har Stortinget slått fast at dei to skriftmåla skal vera jamstilte også i framtida. For at samfunnet skal kunna halde seg med to skriftmål, er vi avhengige av at storparten av folket har kompetanse i begge. Då må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoraret setja inn tiltak som styrkjer sidemålsundervisninga, i staden for å svekkje henne gjennom å fjerne karakteren.

 

Nord-Aurdal SV ser det som positivt at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil styrkje nynorsken som hovudmål i skulen, og få elevar med nynorsk som hovudmål til å halde på nynorsken gjennom heile skuleløpet. Mellom anna synest vi det er ein god idé å gi eit ekstra poeng til dei som held fast ved nynorsk som skulemål til dei er ferdige med vidaregåande skule.

 

I mange kommunar der nynorskelevane er i mindretal, får desse elevane undervisning i eiga gruppe berre i norsk. Når dei er saman med bokmålselevar i alle andre skriftlege fag, blir mange av dei påverka til å gå over til fleirtalsmålet. Dersom statsråden meiner alvor med framlegget om å styrkje nynorsken som hovudmål, må ho snarleg sende ut eit rundskriv til norske kommunar om at elevar som har nynorsk som hovudmål, skal ha undervisning i eiga gruppe i alle skriftlege fag.

Årsmøte

Årsmøte i Nord-Aurdal SV


Berit Øygard i kommunestyret

Berit Øygard kom inn i kommunestyret som SVs einaste representant for perioden 2011-2015. - Det var som venta, seier ho.


Raudgrønt samarbeid

Alt tysdag kveld var det klart at det blir raudgrønt samarbeid mellom SV, Ap og Sp i Nord-Aurdal.

SV i sosiale medier


Ledervalg 2012


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn