ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

NORD-AURDAL SV

v/ Hildegunn Spjøtvoll
Tyinv. 66

2900 FAGERNES

Telefon direkte:61365364
Mobiltelefon:41435948E-post: ottabj@online.no

LOKALLAGSLEDER
Hildegunn Spjøtvoll

KOMMUNESTYREGRUPPA
Berit Synnøve Øygard


Nyheter


 

Norskfaget

Publisert: 07.02.2012

Nord-Aurdal SV, samla til årsmøte 6.2.2012, reagerer sterkt på framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å innføre éin standpunktkarakter i norsk i ungdomsskulen og vidaregåande. Direktoratet føreslår òg å fjerne eksamen i sidemål i ungdomsskulen, og gjera det til trekkfag i vidaregåande. Det å fjerne sidemålskarakteren gir sidemålet ein svekt status i skulen, fordi eksamen alltid har vore styrande for undervisninga. Sidan sidemålet for dei fleste er nynorsk, er det nynorsken som kjem svekt ut av framlegget.

 

Gjennom St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer og St.meld. nr. 85 (2007–2008) Mål og meining har Stortinget slått fast at dei to skriftmåla skal vera jamstilte også i framtida. For at samfunnet skal kunna halde seg med to skriftmål, er vi avhengige av at storparten av folket har kompetanse i begge. Då må Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoraret setja inn tiltak som styrkjer sidemålsundervisninga, i staden for å svekkje henne gjennom å fjerne karakteren.

 

Nord-Aurdal SV ser det som positivt at kunnskapsminister Kristin Halvorsen vil styrkje nynorsken som hovudmål i skulen, og få elevar med nynorsk som hovudmål til å halde på nynorsken gjennom heile skuleløpet. Mellom anna synest vi det er ein god idé å gi eit ekstra poeng til dei som held fast ved nynorsk som skulemål til dei er ferdige med vidaregåande skule.

 

I mange kommunar der nynorskelevane er i mindretal, får desse elevane undervisning i eiga gruppe berre i norsk. Når dei er saman med bokmålselevar i alle andre skriftlege fag, blir mange av dei påverka til å gå over til fleirtalsmålet. Dersom statsråden meiner alvor med framlegget om å styrkje nynorsken som hovudmål, må ho snarleg sende ut eit rundskriv til norske kommunar om at elevar som har nynorsk som hovudmål, skal ha undervisning i eiga gruppe i alle skriftlege fag.


 

Årsmøte

Publisert: 05.02.2012

Årsmøte i Nord-Aurdal SV


Berit Øygard i kommunestyret

Publisert: 14.09.2011

Berit Øygard kom inn i kommunestyret som SVs einaste representant for perioden 2011-2015. - Det var som venta, seier ho.


 

Raudgrønt samarbeid

Publisert: 14.09.2011

Alt tysdag kveld var det klart at det blir raudgrønt samarbeid mellom SV, Ap og Sp i Nord-Aurdal.


 

Framgang for SV

Publisert: 05.09.2011

Ei fersk meiningsmåling som er laga for avisa Valdres, viser ein framgang for SV i Nord-Aurdal frå 3,8 ved sist kommunestyreval til 5,1 prosent no.


Karin Andersen på Stabburshella

Publisert: 01.09.2011

Karin Andersen besøkte den nyopna møtestaden Stabburshella då ho var på Fagernes onsdag 31. august.


Holmås og Hagen til Valdres

Publisert: 31.08.2011

 

Heikki Holmås og Sigmund Hagen besøkte sist torsdag Valdres. Der tok lokale SV-arar dei med til Valdres Næringshage, Valdres Natur- og Kulturpark og Fagernes skole.


Rekk opp handa, den som vil fjerne to hjørnesteinsbedrifter!

Publisert: 05.09.2009

SV var på bedriftsbesøk hos to bedrifter i Valdres for eit par veker sidan: Tine Fosheim og JVB (AS Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap). Båe er to særs viktige verksemder og arbeidsplassar for Valdres og Oppland. Det visste vi før besøket. Det veit vi no i ettertid i enda større grad. Godt over 200 arbeidsplassar gir desse to til saman. Dei representerer også to sentrale element i Valdres-samfunnet, nemleg transport og landbruksforedling. Måtte desse få halde fram.


SVs syn på privatskular

Publisert: 02.06.2009

Hanne Maren Blåfjelldal går i avisa Valdres 8.5. til åtak på ”SVs privatskulerot”. I innlegget har ho sjølv rota saman SVs landsmøtevedtak om pedagogiske og religiøse privatskular og diskusjonen om nedlegging av grendeskular.

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn