SV i samarbeid med Ap og Sp
Alt tysdag kveld var det klart at det blir raudgrønt samarbeid mellom SV, Ap og Sp i Nord-Aurdal.
Ap og Sp har fleirtal åleine i det nye kommunestyret, og "treng ikkje" ha med fleire. SV hadde difor ikkje noko godt utgangspunkt for å krevje ein særskild posisjon. Det er likevel klart at SV får ein plass i det nye levekårsutvalet. Etter den nye modellen som vart vedteken i kommunestyret 8. september, får ikkje alle kommunestyremedlemmer plass i eit utval.










