Medlemsmøte om vegen vidare avholdt
Foto: Fred Chr. Finsen
Nordre Aker SV avholdt 31. oktober 2011 eit møte vegen vidare for SV. Inga Marte Torkildsen og Olav Magnus Linge innleia til diskusjon.
- Korleis skal SV bli eit større parti med fleire aktive medlemmar?
- Kva saker er det viktigast at partiet jobbar med framover?
- Korleis skal partiet gjenreisast?
Innleiaraane var:
Stortingsrepresentant og finanspolitisk talsmann Inga Marte Torkildsen
Olav Magnus Linge snakka òg. han er leder for Sosialistisk Ungdom, og med det medlem av SVs sentralstyre.Linge presenterte mellom anna SV sin splitter nye organisasjonsplan. Denne blei vedteken av sentralstyret tidlegare same dag, og skal så ut på høyring til til slutt vedtakast av landsstyret. Nordre Aer SV tek sikte på å diskutera denne organisasjonsplanen grundig framover.
Etter innleiingane var det god til til spørsmål og diskusjon. Dei fleste oppmøtte hadde innspel og synspunkt om kva som skal til for å gjenreisa SV. Innleiarane noterte flittig, og lova å ta med seg ein del av innspela vidare.
Det var i overkant av 20 medlemmar av lokallaget som hadde møtt opp. Det var alt frå folk som har voremedsinda SF blei stifta, til heilt nyinnmeldte medlemmar. Stemninga var god, og blei ikkje dårlegare av at lokalalgsleiar Elisabeth Koren hadde med heimebakt eplekake.
Sist endret: 03.11.2011 kl. 13:19










