Tjuvstarta valkampen på Sognsvatn
Sundag 12. juni hadde Nordre Aker SV en stand ved Sognsvatn. Det blei ein hyggeleg føremiddag i solsteiken.
Fire representantar frå Nordre Aker SV delte ut flygeblad om korleis SV vil gjera Oslo betre gjennom å satsa på t-bane og trikk. Responsen frå dei forbipasserande var variert, alt frå klare støtteerklæringar til utsegn som "eg vil heller gå naken enn å stemma SV". Ein del stoppa òg opp for å diskutera alt frå karakterer i skulen, rovdyr eller skulpturparken på Ekeberg.
Blant dei som passerte standen var òg statsminister Jens Stoltenberg på veg til sundagsturen sin.
Om du er medlem av Nordre Aker SV og har lyst til å bidra i valkampen, ta kontakt med styret.











Norskny
04.09.2011 kl. 10:00
Sognsvatn?
Jeg er hundre prosent for å bruke nynorsk mer, særlig i Nordre Aker hvor folk er allergiske mot nynorsk. Men det er ikke lov å oversette stedsnavn til nynorsk. Det er det bare ikke. Skjerpings!