ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

NORDRE AKER SV

v/ Lill Pleym
Gamle Kjelsåsv. 45 B

0492 OSLO

Telefon direkte:48018056
Mobiltelefon:40018056E-post: lill.pleym@c2i.net

LOKALLAGSLEDER
Lill Pleym

BYDELSUTVALG
Hanne Lyssand


Stille til styret?

SV-t-skjorte

Foto: SV

Har du lyst til å gjere ein ekstra innsats for Nordre Aker SV i året som kjem? Då kan du stille som kandidat til styret, som skal velges 31. januar 2012.

Styret leier arbeidet i lokallaget i året som kjem. Det har møte litt sjeldnare enn ein gong i månaden. Til vanleg er arbeidet i mellomvalår, som 2012, mindre hektisk enn i valår. Styremedlemmar kan ta på seg ulike arbeidsoppgåver etter kva sakar og funksjonar dei er interesserte i å jobbe med. Me har eit godt fungerande styre i dag, men valnemda er alltid interesserte i fleire kandidatar.

Det trengst òg folk som vil sitte som Nordre Aker SV sine utsendingar i Oslo SV sitt representantskap. Representantskapet møtast rundt fem gonger i året, og avgjer kva Oslo SV skal meina i store sakar. Viktige organisatoriske vegval blir òg tekne i representantskapet.

Om du kan tenke deg å stille som kandidat, eller vil ha meir informasjon om nokon av verva, kan du ta kontakt med Lill Pleym i valnemda, på epost lill.pleym alfakrøll c2i.net. Fortel gjerne litt om deg sjølve. For å stille til val må ein vere medlem av SV, men ein treng ikkje ha masse erfaring.



SV i sosiale medier


Hva skjer?
5. juni. Miljøaksjon

Nyhetsbrev

Logg inn