Møte om Osloprogrammet
Foto: Hilde Maisey
Nora Fjelddalen kjem for å presentere utkastet til program for Oslo SV i neste periode.
Har du tankar om kva Oslo SV skal gjere dei neste fire åra?
Laurdag 11. desember kl. 15.00 inviterer me alle medlemer i Sagene SV til møte om utkastet til politisk program for Oslo SV frå 2011 til 2015.
Nora Fjelddalen, nestleiar i Oslo SV, kjem på besøk for å presentere hovudlinene i programmet. Etterpå vil me diskutere korleis programmet kan bli enno betre og lage endringsframlegg saman.
Møtet startar 15.00 og varer til 17.00. Det vil vere i Sandakervegen 33c.
Det vil bli servert kaffi, te og noko enkelt å bite i. Ta gjerne med deg ein ven!
Om du har spørsmål, er det berre å kontakte nestleiar Trine på telefonnummer 48025365, eller e-post trineos@student.sv.uio.no
Sist endret: 27.11.2010 kl. 17:03










