Laurdagsstand på Karl Johan
Foto: Nora Fjelddalen
Den siste veka har me sett eit Oslo-budsjett frå Høgre og Frp med drastiske kutt for barn og eldre i bydelane. No er det på tide å gjere Oslo raudgrønt!
Laurdag har Sagene SV fått lov til å ha stand på Karl Johan for Oslo SV. Alle Sagene SV-medlemer og sympatisørar er velkomne til å vere med. På stand deler me ut løpesedlar og snakkar med folk. Om du ikkje har stått på stand før, er dette ein gylden sjanse til å prøve.
Oppmøte er på Egertorget frå klokka 11.00. Om du har problem med å finne fram, kan du kontakte Trine på telefonnummer 48025365.
Me håpar å sjå deg!










