ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SAGENE SV

v/ Jens Kihl
Vøyensvingen 14

0458 OSLO

Mobiltelefon:99231490E-post: sagene@sv.no

LOKALLAGSLEDER
Jens Kihl

BYDELSUTVALG
Marianne Engelstad
Ole Jørgen Nyhagen


Nye toppar for Sagene SV

Sagene SV

Foto: Thomas Tallaksen

Erfarne Ole Jørgen Nyhagen (74) toppar den rykande ferske BU-lista til Sagene SV, som hadde nominasjonsmøte onsdag kveld. Han får med seg ein gjeng ferskingar i arbeidet med bydelspolitikken.

Ole Jørgen er pensjonist, og har mange år bak seg i bydelspolitikken. Han er eit kjend fjes for mange på Sagene, der han er engasjert både høgt og lågt, seint og tidleg.

– Eg er oppteken av at bydelen vår skal vere god for alle å bu i: Då må vi halde fram kampen mot fattigdom og urettferd, og sikre at alle får dei tenestene dei skal ha frå bydelen, seier Ole Jørgen. Han er oppteken av at bydel Sagene skal vere ein god plass heile livet:

– Bydelen er viktig for innbyggjarane heile vegen frå barnehagen til eldreomsorga. Gjennom god velferdspolitikk kan vi minske dei store forskjellane i Oslo, meiner den ferske listetoppen.

På andreplass finn ein Marianne Engelstad (23), som er student og 51 år yngre enn Ole Jørgen. Ho har vore aktiv i Sagene SV eit par år, og gler seg til å ta fatt på nye oppgåver. Særleg imponerte ho laget med sin enorme innsats i sist valkamp.

Jens Kihl (24) er leiar i Sagene SV, og står på tredjeplass på lista. Han er òg student, og jobbar i tillegg i Nei til EU. Han er særleg oppteken av å dra heile laget og andre ressursar i bydelen med i bydelspolitikken.

På den siste kumulerte plassen står Nina Teigland (37), til dagleg rådgjevar i Språkrådet. Ho er ganske ny i Sagene SV, men har vore aktiv i partiet i mange år. Gjennom BU-arbeidet håpar ho å vidareføre det gode samarbeidet med partia på venstresida for å skape ein rettferdig og miljøvenleg bydel.

Sagene SV fekk ved valet i 2007 14,8%, og tre plassar i bydelsutvalet. Ved valet i 2009 fekk vi 15,5%, og laget satsar på vidare framgang i 2011.

For meir informasjon:

Ole Jørgen Nyhagen, listetopp: 95151993

Jens Kihl, leiar i Sagene SV: 99231490


Sist endret: 27.01.2011 kl. 20:36

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn