Valkampinnspurt
Foto: Nora Fjeddalen
No er det ei veke til valet. Meiningsmålingane viser at det blir ein thriller om raudt eller blått styre i Oslo. Din innsats kan vere med på å vippe resultatet i raud retning.
Les om alle Sagene SV-aktivitetane du kan vere med på her.
På alle aktivitetane er det berre å møte opp, så får du den informasjonen og materiellet du treng. Både ferske og erfarne aktivistar er velkomne.
Kan du berre vere med eit kvarter eller ein halvtime, er det mykje betre enn ingenting.
Morgonaksjonar
Tysdag 07.30-08.30 Sagene busstopp.
Tysdag 07.30-08.30 Torshov trikkestopp.
Onsdag 07.30-08.30 Bjølsen
Onsdag 07.30-08.30 Alexander Kiellands Plass.
Torsdag 07.30-08.30 Sagene busstopp
Torsdag 07.30-08.30 Torshov trikkestopp
Fredag 07.30-08.30 Storo t-banestopp.
Fredag 07.30-08.30 Sagene busstopp
Fredag 07.30-08.30 Alexander Kiellands plass
Laurdagsaksjon
Laurdag 11.00-15.00 på Sandaker senter.
Laurdag 12.00-15.00 på Sagene busstopp. Klokka 12 er det sluttappell for alle medlemer i Sagene SV.
Valbua på Karl Johan
Onsdag 10.00-19.00. Her treng me mange som kan stå ein time eller to. Kan du vere med? Flott om du ringer Ole Jørgen på 9515 1993 eller sender ein epost til ojnyhage@online.no
Debatt
Tysdag 16.30-17.30 Utdeling av løpesedlar og reklame for debatten. Oppmøte utanfor Sagene Samfunnshus.
Tysdag 17.30-19.30 Debatt mellom lokale listetoppar. Ole Jørgen stiller frå oss. Sagene Samfunnshus.
Konsert
Åge Aleksandersen speler gratiskonsert for Fagforbundet i Spikersuppa! Etter konserten drar me saman til Torshov for å gå dør til dør. Om du ikkje blir med til byen, kan du møte oss direkte på Torshov. Ring Jens på 99231490.
Listebering
Me står utanfor vallokala og deler ut lister til folk som skal røyste. Mange vel ikkje parti før dei kjem til vallokalet, og listeberarane kan gjere store utslag på valresultatet. Difor treng me mange som kan kome. Kan du vere med? Særleg treng me folk mellom kl. 14 og 18 på sundag, og mellom 16 og 21 på måndag. Flott om du ringer Ole Jørgen på 9515 1993 eller sender ein epost til ojnyhage@online.no
Sist endret: 05.09.2011 kl. 15:00










