Nye program- og nominasjonskomitear
Foto: Hilde Maisey
Sagene SV har no valt program- og nominasjonskomitear.
Medlemene i Sagene SV brukte det fyrste medlemsmøtet i haust til mellom anna å velje to komitear.
Programkomiteen skal lage utkast til lokalt valprogram for Sagene SV. Programmet vil liggje til grunn for arbeidet til SV-representantane i bydelsutvalet frå 2011 til 2015. Dersom du har innspel til kva Sagene SV bør meine noko om dei neste fire åra, blir programkomiteen glad om du tar kontakt. Thomas Tallaksen, Gry Bruland Larsen og Ole Jørgen Nyhagen er medlemene av komiteen. Kontaktperson er:
Ole Jørgen Nyhagen. E-postadresse: ojnyhage@online.no. Telefonnummer: 22870974/ 95151993
Nominasjonskomiteen skal lage framlegg til liste over kven som skal bli valt inn til bydelsutvalet frå 2011 til 2015. Nominasjonskomiteen vil gjerne òg ha innspel til kven dei bør snakke med. Ikkje nøl med å ta kontakt om du er interessert sjølv eller har tips om andre som burde stille. I komiteen sit Nina Hovensjø, Finn Hanstad og Trine Østereng. Kontaktperson er:
Trine Østereng. E-postadresse: trineos@student.sv.uio.no. Telefonnummer: 48025365










