Fyrste medlemsmøte i haust
Foto: SV
På det fyrste medlemsmøtet i haust tok me opp to spennande saker - oljeboring i nord og val av program- og nominasjonskomitear.
Haustens fyrste medlemsmøte i Sagene SV kunne by på to viktige saker: For det fyrste fekk me ei innleiiing om kampen mot oljeboring i nord. Olav Magnus Linge, leiar i SU og medlem i Sagene SV, svarte på dei viktige spørsmåla: Kvifor er denne saka så viktig? Kva svarer vi motstandarane våre? Kva er våre alternativ for å skaffe vekst og arbeidsplassar i nord? Og kva kan vi gjere som er busatte midt i oslogryta?
Etter diskusjonen valte me program- og nominasjonskomitear som skal utarbeide framlegg til nytt lokalvalsprogram og ny bydelsutvalsliste fram mot lokalvalet på Sagene neste haust. Dei endelege framlegga frå komiteane vil bli handsama på årsmøtet i laget i januar/februar 2011.
Desse blei valte til komiteane:
• Programkomité: Thomas Tallaksen, Gry Bruland Larsen og Ole Jørgen Nyhagen
• Nominasjonskomité: Nina Hovensjø, Finn Hanstad og Trine Østereng
Sist endret: 03.09.2010 kl. 16:40













