ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

KLEPP SV

Ole Magne Gramstad
Lalandsvegen 27

4353 KLEPP STASJON

Mobiltelefon:93094053E-post: olemagne@jkn.no

LOKALLAGSLEDER
Ole Magne Gramstad


For ope i Klepp

«Det er sjølve budsjettprosessen som må endrast om politikarane vil ha mindre føringer og mindre press frå kommunalsjefane».

Mer om...

Ikkje heilt uventa er ikkje alle politikarane i Klepp like fornøgde med at kommunalsjefar legg sine ønskjer til budsjett på postlistene slik at både pressefolk og kommunens innbyggjarar få greie på kva kommunalsjefane meiner er nødvendig før politikarane.
Det var Sigmund Rolfsen (Ap) som målbar misnøya då økonomiutvalet starta budsjettarbeidet for ei veke sidan. Han meinte det la eit press på politikarane når det som han karakteriserte som interne notat blir kommentert i avisa.
Samtidig som det er befriande med kommunalsjefar som vågar å ha eigne meiningar, er det forståeleg at politikarane helst vil ha innspel til budsjett presentert direkte og ikkje gjennom lokalavisa.
Noko veldig stort problem kan me likevel ikkje sjå det er. Når budsjettprosessen ein gong er lagt opp slik at økonomiutvalet skal arbeida fram eit budsjett etter innspel frå kommunalsjefane, kan det ikkje skapa vesentleg meir press på politikarane om dei innspela frå kommunalsjefane blir presentert i media.
Det kan sjølvsagt vera uheldig om behovet i enkelte etatar blir skubba bakover fordi andre etatar er flinkare til å marknadsføra sine behov. Men slik vil det vera anten prosessen er open eller lukka. Politikarane må til sjuande og sist gjera ei prioritering mellom dei ulike behova. At enkelte behov er offentleg kjent før prioriteringa blir gjort, kan ikkje vera avgjerande for den endelege budsjetteringa.
I motsetning til det som er vanleg i dei fleste kommunane, legg ikkje rådmannen i Klepp fram eit budsjettforslag som politikarane behandlar. Det er sjølve budsjettprosessen som må endrast om politikarane vil ha mindre føringer og mindre press frå kommunalsjefane.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn