ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SULDAL SV

v/ Tormod Skeie
4233 ERFJORD

Telefon direkte:52797542
Mobiltelefon:91579703E-post: tormodsk@c2i.net

LOKALLAGSLEDER
Tormod Skeie

KOMMUNESTYREGRUPPA
Tone Mari O. Sand


Appell frå Suldal SV sin ordførarkandidat

Tone Mari Sand

Foto: Suldal SV

Har du enno ikkje bestemt deg for kva du skal stemma ved kommunevalet? Kanskje det er difor du surfar innom nettsida vår for å sjå om du finn nokre gode argument for at SV er det rette å stemma for deg.

Her skal du få nokre:

Er du opptatt av miljø?

SV er eit parti som er svært opptatt av miljøvern. Me meiner at me òg lokalt må ta vår del av ansvaret. Difor skriv me i valprogrammet vårt: "Me må føra ein klima-og miljøpolitikk som skånar biologisk mangfald og som er nedfelt i ein restrektiv og konkret klima og energiplan. Suldal bør prøva ut hybridbilar og redusera energibruken i kommunale bygg." SV har vore pådrivaren for at kommunen skal få ein slik plan, og me vil følgja dette tett opp i denne perioden, no når arbeidet endeleg kjem i gang.

 

Er du opptatt av skule?

SV meiner at barna er framtida for Suldal, og at noko av det viktigaste me kan gje dei er ein god skule, med nok vaksne til å følgja dei opp både fagleg og sosialt. I den kommunestyreperioden som no går mot slutten, har det ikkje vore nok politikarar i kommunestyret som har sett kor viktig dette er, og me har difor ikkje fått fleirtal for å auka lærarressursen på barnetrinnet og sosiallærarressursen i skulen. Stemmer du SV ved dette valet kan me få inn fleire som kan arbeida for større lærartettleik i skulen!

 

Er du opptatt av rett til heiltidsjobb?

Somme ønskjer å jobba deltid, og det skal dei sjølvsagt kunne gjera. Men i Suldal er det svært mange som går i deltidsstillingar, sjølv om dei ønskjer å arbeida 100%. SV vil arbeida for å fjerna denne uønska deltida. Administrasjonen skal ikkje kunne skulda på at det blir vanskeleg å få turnusane til å gå opp dersom folk får større stillingar. Ja, det er vanskeleg, men me skal få det til!

Fleire ting me vil arbeida for finn du i programmet vårt som det er lenke til her på sida. Er det ting du vil spørja oss om, står me på stand på torget på Sand siste laurdagen før valet òg. Du kan ringja oss og, anten du er førstegongsvelgjar eller er usikker sjølv om du har stemt fleire gonger før. Godt val!

Tone Mari Sand

Haukelibane

Suldal SV vil byggje Haukelibane - eit miljøvenleg alternativ til fly.


Sist endret: 10.09.2011 kl. 20:08

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn