ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SULDAL SV

v/ Tormod Skeie
4233 ERFJORD

Telefon direkte:52797542
Mobiltelefon:91579703E-post: tormodsk@c2i.net

LOKALLAGSLEDER
Tormod Skeie

KOMMUNESTYREGRUPPA
Tone Mari O. Sand


Inspirerande besøk

Hallgeir Langeland og Heikki Holmås på besøk på Sand i Suldal august 2011.

Foto: Suldal SV

Måndag 29. august var stortingsrepresentantane Halgeir Langeland og Heikki Holmås på besøk i Suldal.

I tillegg til å treffa lokale SVarar, møtte dei Trygve Brandal frå Ryfylkemusèet og Torkel Myklebust, ordførar og styreleiar i Løland-stiftinga. Dei fekk orientering om arbeidet med barnekultursenteret.I valprogrammet for Suldal SV står det: "SV vil stø oppretting av eit nynorsk barnekultursenter knytt til Ryfylkemuseet dersom staten vert med på laget og løyver pengar." Langeland og Holmås fekk òg sjå den flotte Kvitebjørn-utstillinga i museet, og lot seg riva med i utkledning og rolleleik!

Det gode liv

I programmet til Suldal SV står det at me helsar eit fleikulturelt samfunn velkommen fordi det berikar oss, fordi det er uttrykk for ein naudsynt internasjonal solidaritet og fordi me treng mangfaldet og arbeidskrafta tilflyttarane representerer. Me syntest difor det passa godt å visa stortingsrepresentantane den andre utstillinga til museet òg; "Det gode liv i Suldal", om innflyttarar frå europeiske land. I tillegg orienterte Brandal om den rolla museet har spela i integreringsarbeidet i Suldal; med ulike utstillingar, forskingsprosjekt, Internasjonal kafè og språkpraksisplassar. Ordføraren og me SV-politikarar supplerte med informasjon om busetting av flyktningar og integreringsarbeidet i Suldal meir generelt.

Besøk på kollektivet

Etterpå gjekk turen vidare til Hiimsmoenkollektivet. Der fekk Holmås og Langeland ei brei orientering frå tilsette om tankegangen og arbeidsmåtane ved kollektivet, og ikkje minst om utfordringane dei står overfor og kva statlege myndigheiter kan gjera for å letta desse. Etter god kveldsmat saman med tilsette og ungdommane på Hiimsmoen, susa dei to stortingspolitikarane vidare på Rogalandsrunden sin.

Me lokalpolitikarar seier ofte at me ikkje treng sentrale politikarar i kommunevalkampen. Men når me på denne måten kan få presentera saker som er viktige for oss, og der me er avhengige av forståing frå Stortinget for å koma vidare, er dei hjarteleg velkomne!


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn