Fylkesårsmøte 2012
Foto: SV
Fylkesårsmøtet 2012 blir på Quality Sogndal Hotel den 11. og 12. februar. Påmelding til dette gjerast her
Fylkesstyret i Sogn og Fjordane SV kaller med dette inn til fylkesårsmøte laurdag 11. og søndag 12. februar 2012 på Sogndal Quality Hotel i Sogndal.
Interessant program
Frå sentralt hald får vi i år besøk av Alf Holmelid, stortingsrepresentant for Vest-Agder og næringspolitisk talsmann for SV, opphavleg frå Fjaler. Han skal halde innleiing om utfordringar for nærings- og landbrukspolitikk i Sogn og Fjordane. Vi får også besøk av Ingrid Fiskaa, sentralstyremedlem i SV og statssekretær i Utanriksdepartementet. Ho vil halde ei innleiing om aktuell internasjonal politikk og solidaritet. Dessutan kjem Heikki Holmås, stortingsrepresentant for Oslo og leiar i kommunal- og regionalkomiteen, for å snakke om kommunepolitikk. Han har besøkt alle kommunane i Noreg. Spørsmålet er, kva har han lært og korleis bør kommunalpolitikken sjå ut i det komande arbeidsprogrammet for 2013.
På fylkesårsmøtet vil vi handsame ordinære årsmøtesaker. Det er: årsmelding, rekneskap, vedtekter, arbeidsplan, budsjett, fråsegner og val. I år vil vi dessutan velje delegatar til ekstraordinært landsmøte på Lillestrøm i mars, der ny leiar for SV skal peikast ut.
Årsmøtet byrjar med registrering og kaffi på laurdag klokka 10:30, og vert avslutta søndag klokka 15:00.
Vi arbeider med sakspapira og reknar med desse er klar om lag i veke 3. Sakspapir vil bli sendt ut til delegatane etter kvart som at desse er påmelde, i vedlegg til e-post til lokallagsleiarane, på debattlista og på heimesidene til fylkeslaget.
Påmeldingsfristen er sett til onsdag 1. februar 2012.
Påmelding:
Via nettsidene på denne sida: http://bit.ly/SognogFjordaneSV
Eller:
Til fylkessekretær Ole Fosse Fardal på telefon 481 24 942 eller e-post sognogfjordane@sv.no
Delegatfordelinga er som følgjer:
Alle lokallag har to delegatar kvar, med unntak av Flora og Sogndal, som har 4 delegatar kvar til fylkesårsmøtet. Sosialistisk Ungdom har 5 delegatplassar.
Pris for deltaking:
Kvar delegat kostar 700 kroner (i dobbeltrom). Alle lokallag deltek i dette spleiselaget. Uansett om lokallaget sender delegat eller ikkje, vil laget blir fakturert for to utsendingar, altså 1 400 kroner. (Flora og Sogndal betalar for fire utsendingar kvar uansett)
Det tyder at det lønner seg på alle moglege måtar å kome på fylkesårsmøtet.
Reiseutgiftene vert betalt av fylkeslaget etter rekning.
Vi er veldig opptekne av at alle lokallag skal kome på årsmøtet. Difor ber vi om at de stiler på møtet (sjølv om lokallaget har lite pengar) og søkjer om å få dekka utgiftene.
For dei delegatane som skal reise langt, og kan ha problem med å rekke fram innan møtestart laurdag, dekkjer fylkeslaget utgifter knytt til overnatting frå fredag til laurdag på Sogndal Quality Hotel.
Årsmøtet er elles ope for alle medlemmer i fylkespartiet med tale- og framleggsrett, men ikkje røysterett. Dersom du ikkje har eige lokallag kan du delta på møtet ved å betale 350 kroner.
Hjarteleg velkomen!
Beste helsing
Sogn og Fjordane SV
Hege Lothe, Fylkesleiar
Ole Fosse Fardal, Fylkessekretær
Sist endret: 10.01.2012 kl. 15:37










