SOGN OG FJORDANE SV
v/ Hege Lothe
Postboks 256
Telefon direkte:92648348
E-post: sognogfjordane@sv.no
Nyhende
- Statoil må trekkje seg ut av tjøresandindustrien!
Publisert: 14.05.2012
Sogn og Fjordane SV ber regjeringa om å krevje at Statoil trekkje seg ut av tjøresandindustrien.
Grev anbodssystemet si eiga grav?
Publisert: 14.05.2012
Ideen med anbodssystemet er å unngå korrupsjon og at konkurransen skal vere mest mogleg fri og open for alle. Dette kan verke som ein god idé, men i praksis syner det seg at anbodssystemet har fått ei rekkje uheldige og uønskte konsekvensar. Det er likevel vanskeleg å få til ein debatt om dagens anbodsregime, truleg fordi det vil ryste ein av grunnpilarane i EU-systemet, skriv Gaute Losnegård (SV) i nettavisa hjå Nei til EU.
Fylkesleiaren sin 1.mai-appell
Publisert: 06.05.2012
Fylkesleiar Hege Lothe (SV) held appell i Sogndal på 1.mai, og tok for seg sentrale tema som var med i toget: Barn på flukt har òg rettar, og Vikarbyrådirektivet - nei takk!
1. mai
Publisert: 25.04.2012
I USA vart det den 1. mai i 1886 innleia ein generalstreik blant arbeidarar. Streiken resulterte i åtte timars arbeidsdag i Sambandsstatane. Denne viktige hendinga er bakgrunnen for at vi feirar og markerer 1.mai som arbeidarane sin dag.
Skjer igjennom – la asylborna få bli!
Publisert: 29.03.2012
Fylkesleiarane i SV, Ap og Sp i Sogn og Fjordane i lag med ungdomsleiarane i Sosialistisk Ungdom, AUF og Senterungdomen i fylket, kjem her med ei felles uttale, der dei ber om at regjeringa tek ansvar i å skjere igjennom og å la asylbarna få bli.
La ungane få bli!
Publisert: 20.03.2012
- Omsynet til barn må gå foran innvandringspolitiske omsyn, skriv fylkesleiar i Sogn og Fjordane SV Hege Lothe og Vibeke Johnsen, leiar i Sogndal SV, i eit felles innlegg på vegne av fylkespartiet. Dei poenterer at at barnekonvensjonen som Noreg har skrive under på, står over norsk lov.
Ny Arbeids- og organisasjonsplan for Sogn og Fjordane SV
Publisert: 19.03.2012
Den nye Arbeids- og organisasjonsplan for Sogn og Fjordane SV 2012–2015, vart vedteke på fylkesårsmøtet i Sogndal, laurdag 11. og sundag 12. februar 2012.
Nei til gruveslam i Førdefjorden!
Publisert: 11.03.2012
På landsmøtet i helga markerte Sogn og Fjordane SV tydeleg motstand mot utslepp av gruveslam i Førdefjorden.
Stilig nynorskmarkering på landsmøtet til SV
Publisert: 11.03.2012
Sogn og Fjordane SV stod for ein veldig stilig nynorskmarkering som vart lagt merke til på SV-landsmøtet. Fleire stilte med stilige nynorskfeminist-T-skjorter, i tillegg overrekte fylkesleiar Hege Lothe, ei ”I love nynorsk”- T-skjorte til Kristin Halvorsen.
8. marsfeiring på Kafé Krydder i Sogndal
Publisert: 05.03.2012
Feir den internasjonale kvinnedagen på Kafé Krydder i Sogndal frå kl 19.30. Kulturelt innslag ved Lena Skjerdal og Ingrid Fiskaa, statssekretær i Utanriksdepartementet. Ho vil halde ei innleiing om kvinner og utviklingspolitikk. Arrangementet startar frå kl 19.30
Ingrid Fiskaa kjem på 8. marsfeiring på Kafé Krydder i Sogndal
Publisert: 05.03.2012
Ingrid Fiskaa (SV), statsekretær i Utanriksdepartementet, held ei innleiing om kvinner og utviklingspolitikk på Kafe Krydder i Sogndal 8. mars. Det vert både kulturelt innslag og loddsal til inntekt for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane SV vil framleis ha Lysbakken som leiar
Publisert: 05.03.2012
Både fylkesleiar Hege Lothe og gruppeleiar på Fylkestinget Norvall Nøringset, held fast på at Sogn og Fjordane SV framleis støttar Audun Lybakken som ny SV-leiar. Dei meiner det må vere lov å gjere feil som politikar og rydde opp etter seg.
Ja til pilotmodell med ny type rusomsorg i Nordfjord
Publisert: 01.03.2012
Som del av Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus, har ei samrøystes styringsgruppe for Utviklingsprosjektet tilrådd at den nye rusposten ved Nordfjord sjukehus ikkje skal vere ein tradisjonell "døgnplassinstitusjon" til ein ny modell med meir ambulerande aktivitet ute i heile regionen med behandling så nært som mogleg brukarane.
Studentar likar også tak over hovudet
Publisert: 26.02.2012
Hausten 2011 hadde Høgskulen Sogn og Fjordane (eit uventa) høge søkartal, og som ved mange andre høgskular i landet ein låg dekningsprosent av studentbustadar. Problemet var så stort at mange studentar sov fleire veker på sovesal, og ein del studentar sa opp studieplassen sin på grunn av mangel på bustad.
Sogn og Fjordane SV krev strakstiltak for barn på flukt
Publisert: 26.02.2012
Noreg må utvide det humanitære rommet i asyl- og flyktningpolitikken, og vere ein garantist for barnerettane også for barn på flukt.










