Lysbakken vann uravstemminga i Troms
Foto: Mona Wærnes
Audun Lysbakken vann uravstemminga i Troms SV med 141 stemmer, mot Heikki Holmås som fekk 77 stemmer.
Troms SV har halde ei rådgjevande uravstemming om leiarvalet i SV. Fylkesårsmøtet må tolke dette resultatet når dei skal velge landsmøtedelegasjon.
Førtifem prosent av medlemmane i Troms deltok i uravstemminga. Generelt kan ein seie at dei små lokallaga hadde større deltaking ein dei store laga.











