Årsmelding 2009
Her finn du årsmledinga frå fylkesstyret for 2009
Forteljing frå verksemda i Troms SV 2009
Generelt
Det har vore nok eit spennande og utfordrande år i Troms SV. Politisk har året vore dominert av valkamp og samanbrot i fylkesrådssamarbeidet. Vi vidareførte den desentraliserte modellen for styring av laget. I perioden har Arbeidsutvalet bestått av:
Pål Julius Skogholt, Tromsø, leiar
Ellen Øseth, Tromsø, nestleiar
Ellen Sæbbe, Dyrøy
Jonny Kristiansen, Harstad
Lena Jensen, Tromsø/Oslo
Tor Stranda som vara.
Ellen Øseth har fungert som leiar frå og med 21. november, då Pål Julius Skogholt vart utnemt til statsekretær.
Det kan vere fornuftig om årsmøtet vurderer sterkt om det er fornuftig å la fylkestingsgruppa dominere AU og fylkesstyret slik ho gjer no. Det kan potensielt samle for mykje makt på ein plass.
AU har hatt i overkant av 20 møter i periode. Dei fleste møta har vore på telefon, men AU har og møttest i samband med fylkestingssamlingane og komitemøta. Det å ha møter på telefon har fungert heilt greitt til vanleg. Den møteformen er vanskelegare når det gjeld å utvikle og utforme politikk. Det har vi i større grad nytta møta i samband med fylkesting og komitemøter til å gjere.
Det er ei utfordring å løfte blikket slik at det ikkje berre blir fylkespolitikk. Vi meiner vi har klart det, men ein skulle sjølvsagt ønska å gjere meir. Det har vore ein stor fordel at Lena Jensen som stortingsrepresentant har vore representert i AU. Det har ført til ein betre kontakt mellom det som skjer på Stortinget og det som skjer lokalt og regionalt. Det har og gjort det enklare å komme med innspel frå fylkeslaget i rett tid og dermed vere med på å påverke den nasjonale politikken medan prosessane faktisk har vore i gang.
Vi har heller ikkje nådd måla for medlemsvekst. Nettsidene til fylkeslaget har vore brukt aktivt, men vi kan bli betre. I løpet av 2009 vart det lagt ut 65 nyheitssaker, pluss andre ting på nettsidene. Dett er likevel færre enn i 2008 då det var 85 nyheitssaker. I år tok Troms SV i bruk facebook. Facebooksida til Troms SV har 224 tilhengjarar og har plass til fleire og meir aktivitet. Adressa er: http://www.facebook.com/pages/Tromso-Norway/Troms-SV/54603926197
Fylkesstyret har hatt 8 møter i perioden. eitt fysiske møter og sju på telefon. Det var stor hyppigheit på møte i samband med skolesaka i fylkestinget.
Fylkesstyret består utover AU av:
- Hogne Wikeland, Kvæfjord Vara: Henning Knutsen, Kåfjord
- Terje Håkstad, Tromsø Vara: Kristi Hansen Krone, Nordreisa
- Jan Olsen, Karlsøy Vara: Jan Gunnar Kaino, Kvænangen
- Wenche Cumming, Lenvik Vara: Hanne Marie Eriksen, Balsfjord
- Britt Myrvang, Harstad Vara: Herbjørg Valvåg, Tranøy
- SU vel sin eigen representant, Første del av perioden var det Katrine Boel Gregussen, no er det Marte Gravem Isaksen
Bruken av telefonmøtet har gjort det muleg å involvere FS meir i den daglege politikken i fylkestinget og opp mot landsstyremøta. Dette har fungert godt. Fylkesstyret har fungert godt denne perioden. Fylkesstyret var svært involvert i saka om brot i fylkesrådssamarbeidet.
Medlemstal og organisasjon
Troms SV slit med det organisatoriske. Vi har for få aktive medlemmar, og for få medlemmar totalt. Dette gjev den politiske debatten i partiet for liten breidde, og for få synspunkt og erfaringar blir slipt mot kvarandre. Det å få fleire medlemmar og å klare å aktivisere desse i politikkutviklinga er den største utfordringa Troms SV står over for. Dette er ei utfordring som vi berre kan løyse saman. I dette året har vi tatt nokre steg i rett retning, men også ein del ting som ikkje har fungert så godt. Valkampen viser at organisasjonen klarer å ta krafttak når det trengst, men at vi har langt å gå før vi har ein veltrimma og godt fungerande organisasjon.
Vi har oppretta ei e-postliste for folkevalde i Troms. Denne lista er enno ikkje blitt ein slagkraftig arena for å utveksle erfaring mellom dei folkevalde i fylket. Det verkar som vi ikkje enno har ein god nok kultur for å dele politisk erfaring og innsikt. Kanskje er det for mange i SV som trur dei andre er flinkare og derfor ikkje tar initiativ til å dele det dei kan? Dette må vi få gjort noko med. E-postlista har fungert ok som ein kanal for å spreie informasjon frå fylkeslaget og ut.
Medlemsutvikling
Medlemstalet i fylkeslaget har minka litt i år. Dette er i tråd med det som har skjedd på landsbasis, der SV har mista ca 200 medlemmar. Det er urovekkande at dette skjer i eit valår, då ein må kunne forventa tilsig av nye medlemmar. Det har det då og blitt. I 2009 har Troms SV fått 52 nye medlemmar. Det tyder på at vi har tapt svært mange gamle medlemmar.Ved årsskifte 2009-2010 hadde Troms SV 447 betalande medlemmar. Rundt årtuseskiftet var det meir enn 600 medlemmar i fylket. Det betyr at vi har eit uutnytta potensial.
(tabell over medlemstal finn du i den versjonen du kan laste ned)
Valkampen
Valkampen fekk ikkje eit heldig resultat for SV, verken på landsbasis eller i Troms. I Troms fekk vi 6275 røyster og mangla 2389 røyster på eit av dei seks faste mandata. Ved neste stortingsval ser det ut som om Troms vil miste eit av dei faste mandata. I så fall treng vi ca 3700 fleire røyster ved neste stortingsval for å få eit direktemandat. I 2001 fekk vi 12002 røyster i Troms.
Denne tabellen viser valresultatet i kommunane i Troms:
(last ned vedlegget for å sjå denne)
Denne tabellen viser at Tromsø er den suverent viktigaste kommunen for SV i Troms. Vi har 58 prosent av røystene våre i Tromsø, medan Tromsø berre har 43 prosent av folkesetnaden i fylket. Tromsø var og den beste kommunen våre prosentmessig, med Kvæfjord og Karlsøy på dei neste plassane.
Det var berre to kommunar der vi hadde framgang samanlikna med valet i 2005 – det gjeld Karlsøy og Tranøy. I Karlsøy heng det nok mest saman med kollapsen til Kystpartiet, i Tranøy trur vi det heng saman med godt arbeid frå lokallaget.
Arbeidet i valkampen
I valkampen var arbeidet organisert med eit kontor i Tromsø. Der hadde partiet sentralt plassert ut Inge Myrvoll i valkampen. Han var ei stor hjelp for oss. Det var ei valkampgruppe med deltakarar frå heile fylket. Gruppa møttest på telefon og gav verdifulle innspel.
Fylkesstyret vedtok ein plan for valkampen våren 2009. Arbeidet vart organisert med utgangspunkt i denne.
Toppkandidatane våre gjorde ein stor innsats. Mange av kommunane fekk besøk, og spesielt Hogne Wikeland var flink å skrive lesarinnlegg. Lena Jensen deltok på arrangement eller var på reise kvar dag i heile valkampen.
Tilsette
Ved byrjinga av året var Jeanine Ringsatd og Frode Henriksen tilsett hos oss i samarbeid med SV-sentralt og Finnmark SV. Ringstad slutta i februar. Frå første mars var det to tilsette i Nord-Noreg i samarbeid mellom Nordland, Troms, Finnmark og SV-sentralt. Frode Henriksen slutta den 21. august. Kim Remi Sandvær er einaste tilsette ved årsslutt. Han har kontor i Bodø.
Sist endret: 16.02.2010 kl. 23:11











