Stans vikarbyrådirektivet!
Foto: Lars Klottrup Berge
EUs vikarbyrådirektiv representerer ein av dei mest dramatiske EU-tilpassingar vi har sett. Å stoppe dette direktivet er eit viktig steg i kampen mot sosial dumping i Noreg og i arbeidet for å forsvare den norske modellen. 8 av 10 ungdomsorganisasjonar i fagrørsla er mot å innføre dette direktivet. Ungdom vert hardast ramma av konsekvensane.
Vi seier nei til lausarbeidersamfunnet – ja til faste tilsetjingar og ei forutsigbar framtid. Eit viktig mål med Vikarbyrådirektivet er å fjerne alle hindringar for bemanningsselskap og vikarbyrå. Direktivet vil dermed føre til auka bruk av innleigd arbeidskraft.
Auka bruk av midlertidig tilsette svekkar fagrørsla og den norske modellen. Det legg til rette for useriøse verksemder og banar veg for kriminalitet i arbeidslivet. Mange fagforbund og foreiningar i Noreg har innsett dette. Ein fryktar at Vikarbyrådirektivet vil tvinge Noreg til å endre norsk Arbeidsmiljølov og tariffreglar om innleige frå vikarbyrå. Det er norske folkevalde og partane i arbeidslivet som skal avgjera reglane i norsk arbeidsliv, ikkje ESA og EU/EFTA-domstolen.
EU sitt einsidige fokus på mest mogleg konkurranse, svekking av faglege rettigheiter og nedbyggjing av det offentlige sikkerheitsnettet er ikkje vegen å gå for å lykkast verken økonomisk eller sosialt.
Kristiansand SV krev at regjeringa og regjeringspartiene slår ring om den norske modellen, setter hardt mot hardt overfor Arbeiderpartiets stortingsgruppe og EU. Regjeringa må bruke vetoretten i EØS mot EUs vikarbyrådirektiv.
Uttalelse fra Kristiansand SVs årsmøte 2011.










