ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

VEST-AGDER SV

Stener Heyerdahlsgt. 1
4614 KRISTIANSAND S

Telefon direkte:38024962
E-post: vest-agder@sv.no


VIKARBYRÅDIREKTIVET - EIN TRUSSEL MOT NORSK ARBEIDSLIV

Foto: Stig Marlon Weston

Svarinnlegg til Kari Henriksen (AP) i Agderposten og Fædrelandsvennen 3.januar 2012 frå Alf Egil Holmelid, stortingsrepresentant for SV og Paul Magnus Gamlemshaug, tillitsvald i Posten og medlem Fagleg utval SV

EU har komme med eit nytt direktiv, vikarbyrådirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og det norske velferdssamfunnet. Vikarbyrådirektivet bryt radikalt med dette og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Mer om...

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det, slik Kari Henriksen skreiv i innlegget sitt, skape meir ryddige forhold for tilsette i vikarbransjen, og det er det verkeleg gode grunnar til! Fagrørsla har lenge stilt krav om ordna forhold for vikarar, med same løne- og arbeidsforhold som fast tilsette. Fagrørsla krev også at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for løna til innleigevikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn og reise søksmål mot ulovleg vikarbruk. Det er absolutt ingen ting som hindrar regjering og storting i å skape slike ordna forhold for vikarane, det kan vi gjere utan noko EU-direktiv.

Det andre formålet med vikardirektivet er å normalisere og bidra til meir bruk av vikarbyrå. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har personalansvaret kan sitje ein heilt annan plass. Dette er ei skremmande utvikling som vi har sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks største bemanningsselskapa allereie har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering til bransjen fordi det svekkar stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over tid kan det gå ut over kvaliteten og produktiviteten i bransjen.

Det alvorlegaste med vikarbyrådirektivet er at makta over lov og avtaleverk blir flytta frå norske styresmakter til EU – dvs. til ESA og EFTA-domstolen. Dette bekymrar dessverre ikkje Arbeiderpartiets stortingsgruppe. Men NHO har skjønt dette, og vil ha eit lausarbeidarsamfunn! For NHO har varsla at dei med vikarbyrådirektivet i handa vil kunne få EFTA-domstolen til å fjerne dei formuleringane i den norske arbeidsmiljølova som hindrar uhemma vikarbruk. Det er ikkje utan grunn at det er fleire og fleire fagforbund som tar klart standpunkt mot direktivet og vil markere dette gjennom politisk streik 18. januar.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn