Best på miljø og arbeidsplassar
Miljøjournalen som blir gitt ut av Noregs Naturvernforbund, har gjennomgått miljøpolitikken til alle partia på Stortinget. Framstegspartiet og Høgre hamna som forventa på botnen med respektive 5,5 og 10 poeng av 25 oppnåelege. SV vart nummer 1.
I følgje Naturvernforbundet stiller Framstegspartiet seg tvilande til at vi har menneskeskapte klimaendringar, og partiet vil derfor ikkje redusere klimautsleppa. Partiprogrammet til FrP omtaler heller ikkje energiøkonomisering som er eit viktig tiltak for å sikre framtidige arbeidsplassar i tillegg til å vere det mest effektive klimatiltaket. Høgre skårar dårleg på miljøtesten i Miljøjournalen blant anna fordi partiet vil opne for oljeboring i dei sårbare og fiskerike havområda i nord.
SV kom best ut i miljøtesten med 20,5 poeng av 25 oppnåelege. Miljøjournalen legg blant anna vekt på at SV går mot oljeboring i havområda utanfor Lofoten og Vesterålen og vil ha varig verna petroleumsfrie område. SV vil satse sterkare på energiøkonomisering, passivhus og fornybar energi, og partiet vil ha ein kraftig auke i dei statlege overføringane til kollektivtransport.
Vest-Agder SV og underteikna har lenge hevda at ein god miljøpolitikk også kan vere ein framtidsretta næringspolitikk. Vi var lenge åleine om dette synspunktet...
Sist endret: 17.07.2009 kl. 15:24










