ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

VEST-AGDER SV

Stener Heyerdahlsgt. 1
4614 KRISTIANSAND S

Telefon direkte:38024962
E-post: vest-agder@sv.no


Gode posttenester i heile landet!

SVs fylkesårsmøte i Aust- og Vest-Agder meiner dei negative konsekvensane av å innføre EUs tredje postdirektiv i Noreg er så store at vi ber regjeringa bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen mot direktivet.

Mer om...

 

Gode posttenester i heile landet!

SVs fylkesårsmøte i Aust- og Vest-Agder meiner dei negative konsekvensane av å innføre EUs tredje postdirektiv i Noreg er så store at vi ber regjeringa bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen mot direktivet.

Folk og lokalpolitikarar i heile landet er bekymra for konsekvensane av EUs tredje postdirektiv. Likeverdige og gode posttenester er ein viktig del av infrastrukturen som gjer at vi kan bu og jobbe i heile Noreg.

Det er berre i delar av landet det vil vere pengar å tene for eventuelle nye konkurrentar. Tapte inntekter for Posten i slike sentrale strøk i ein liberalisert postmarknad, vil føre til at folk og næringsliv får dyrare og dårlegare posttenester i mesteparten av landet.

I dag sikrar enhetsportoen at eit brev kostar like mykje anten det blir sendt frå Oslo til Lillestrøm eller frå Evje til Kirkenes. Overskot frå enhetsporto i sentrale strøk dekker underskot på postomdeling i distrikta. I ein liberalisert postmarknad vil dette ikkje lenger vere mogleg. Vi fryktar at det kan føre til dyrare porto for folk og næringsliv i distrikta. Det kan og føre til innsparingstiltak som rammer service og kvalitet negativt, slik at vi t.d. ikkje får omdeling seks dagar i veka og at posten får lengre framsendingstid, noko som vil vere ei kraftig svekking av posttenesta for folk og næringsliv i distrikta.

I nesten samtlege land som har liberalisert postmarknaden, har dei tilsette opplevd sosial dumping i form av svært lav lønn, inga fast arbeidstid og minimalt med fast tilsette. Derfor er fagrørsla i heile Europa bekymra for konsekvensane av liberaliseringa og ønskjer å få stoppa den.

Spørjeundersøkingar som er gjort, viser at motstanden mot postdirektivet er stor blant folk flest og lokalpolitikarar. Motstand mot postdirektivet var også ei samlande sak på LO- kongressen i 2009. Postdirektivet kom blant dei ti viktigaste sakene som LO-medlemmane meinte skulle prioriterast.

Posttenester er eit område i EØS-avtalen som er lett å avgrense. Juridisk ekspertise innhenta av LO-forbundet Postkom har derfor konkludert med at det er så godt som ingen juridiske konsekvensar for Noreg om ein nyttar reservasjonsretten. Bruk av reservasjonsretten vil ikkje svekke EØS-avtalen, fordi den einaste konsekvensen er at Noreg blir unntatt frå EUs postpolitikk.

 


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn