LIKELØNNSPOTT I TARIFFOPPGJØRET 2010 STYRKAR KVINNEFRIGJERING
Foto: Tore Netland
SVs fylkesårsmøte i Agder oppmodar partane i arbeidslivet til å ta opp med regjeringa likelønnskommisjonen sitt forslag om ein likelønnspott på 3 milliardar. SV meinar at likelønnspott må brukast fordi partane sine tidligare forsøk på løysingar ikkje har lykkast, til tross for uttalt intensjon om likelønn og økonomisk profil til fordel for lavlønte og midlare lønte.
SV er nøgd med at regjeringa har lova å bidra til løysing av likelønnsspørsmål i tariffoppgjeret 2010, så framt partane i arbeidslivet blir samd om korleis dette kan gjerast.

SV meiner at likelønnspotten først og fremst må brukast til å redusere lønsforskjellane mellom
- dei store lavlønte kvinnegruppene i offentleg sektor og gjennomsnittleg industriarbeidarlønn
- dei store utdanningsgruppene i offentleg sektor som ligg langt etter grupper med tilsvarande utdanningsnivå i privat sektor
For å halde fast på målet om likelønn meiner SV at likelønnspott må brukast i fleire hovudopptariffoppgjer før lønsforskjellane vil vere utjamna. Men i tariffoppgjeret 2010 har vi ein historisk sjanse til å starte snuoperasjonen med å lukke lønnsgapet mellom kvinner og menn.
Eit likestilt arbeidsliv er ein føresetnad for kvinnefrigjering. I dag blir kvinner diskriminert i arbeidslivet fordi kvinnedominerte yrke har gjennomgåande lågare løn enn mannsdominerte yrke ein kan jamføre med. SV krev at arbeid som krev like lang utdanning blir lønt likt.
Lønnsskilnadane mellom kvinner og menn har og samanheng med at langt fleire kvinner arbeider deltid. SV vil lovfeste rett til heiltid fordi det er ein menneskerett å ha eit arbeid med inntekt ein kan leve av.