Foto: Volda SV
Millionstøtte til kulturprosjekt i Volda
- Tidligere i uka fekk eit kulturprosjekt ved Høgskolen i Volda ein million kroner frå utdanningsdirektoratet for å arbeide videre med kunst for og med barn og unge, fortel SVs Ingrid Opedal.
Ingrid Opedal er mangeårig kommunepolitikar for SV i Volda og 2. kandidat for Møre og Romsdal SV til fylkestinget. Ho har lenge kjempa for kulturprosjektet ved høgskulen som heiter Seanse. Senteret vil styrke kvalitet, utvikle og fornye arbeidet med kunst i skulen.
Seanse har sidan 2004 vore eit senter som har arbeida med Kunstnaropphald og rettleiing av produksjonar retta mot Den kulturelle skulesekken, og workshops og seminar med aktuelle tema både for skule og kunstfeltet. Dei er lokalisert ved Avdeling for Kulturfag ved Høgskulen i Volda.
Imponerte Halvorsen
Dei siste åra har regjeringa sett av midlar til lokalt og regionalt utviklingsarbeid. Kulturskulane er den primære målgruppa, men der er også midlar knytt til strategiplanen «Skapande læring – strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007- 2010». Teaching artist er ein del av satsinga til Høgskulen i Volda på kulturfag, ei satsing som også vart kommentert av kunnskapsminister Kristin Halvorsen då ho vitja høgskulen i fjor haust.
– Statsråden uttrykte at ho var imponert over satsinga ved høgskulen og sa at SEANSE var interessant for Kunnskapsdepartementet, fortalde dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag etter møtet.
Sist endret: 26.08.2011 kl. 14:05
