Endra formueskatt – eit godt fordelingstiltak
Foto: Hilde Maisey
Den raudgrøne regjeringa legg om formueskatten i ei meir sosial retning med god omfordelingsprofil. Ved å auke botnfrådraget slepp folk med rimelege hus skatt. Mange får redusert formueskatten, medan velståande huseigarar med dyre hus må betale meir skatt.

I tillegg gjer vi det mindre attraktivt å spekulere ved å kjøpe opp bustadar som ein sel seinare med god forteneste. Unge som vil etablere seg har vorte pressa ut av bustadmarknadene av spekulantar, det er derfor nettopp desse og barnefamiliar som tener på omlegginga.
Med skatteomlegginga gjer vi skattesystemet meir rettferdig. Vi får ein mykje betre fordelingsprofil. Omlagd formueskatt gjer at milliardærar ikkje lengre blir nullskatteytarar. Meir sosial bustadbygging pluss ei vidare utbygging av studentbustader vil utvida tilbodet til dei som verkeleg treng bustad. Bustadprisane vil ikkje bli pressa opp så mykje og det betrar levekåra ikkje minst for småbarnsforeldre og unge som vil etablere seg.
Med SV og dei andre raudgrøne paria i regjering får vi på plass eit rettferdig og velfungerande skattesystem. Vi lovar å kjempe for fleire sosiale omleggingar i budsjetta i åra framover.