Foto: La dem bli

Skjer igjennom – la asylborna få bli!

Fylkesleiarane i SV, Ap og Sp i Sogn og Fjordane i lag med ungdomsleiarane i Sosialistisk Ungdom, AUF og Senterungdomen i fylket, kjem her med ei felles uttale, der dei ber om at regjeringa tek ansvar i å skjere igjennom og å la asylbarna få bli.

Felles uttale om asylbarna:

I dag bur fleire enn 450 born på asylmottak i Noreg. Foreldra deira har fått avslag på asylsøknaden sin, og også born i fylket vårt har trugsmål om å bli sendt bort frå heimen sin og frå oss. Dei skal rivast opp frå lokalmiljøet sitt, takast ut frå klasser og barnehagar, sendast bort frå venene sine og nabolaget sitt. Dette er barn som er fødde eller har budd storparten av livet sitt i Noreg. Dei snakkar norsk, og fleire av dei har ikkje ein gong vore på besøk i det landet dei no skal "returnerast" til.

Barnekonvensjonen slår fast at omsynet til det beste for barnet skal vege tyngst, og det skal leggjast særleg vekt på tilknytinga borna har til Noreg. Arbeidet med stortingsmeldinga om born på flukt må framskundast, og Noreg må stogge tvangsretur av born og barnefamiliar til Stortingsmeldinga er handsama.

Vi meiner at asylsøkjarar som ikkje treng beskyttelse og dermed får avslag på sine asylsøknadar, skal reise heim. Det er eit openbart dilemma at foreldre kan spekulere i å trenere ventetida i Noreg etter at dei har fått endeleg avslag, for på den måten å få opphald saman med borna sine. Dette fører til endå sterkare krav om rask sakshandsaming av sakene til barnefamiliar, og rask utsending dersom dei får avslag.

Når tida går og barna får sterk tilknyting, må vi skjere igjennom å la barna få bli. Det er ikkje akseptabelt at born og unge, som har vakse opp i Noreg i påvente av endeleg avgjerd, skal sendast tilbake til ei uviss framtid i eit heimland dei ikkje kjenner.

Felles uttale frå dei raudgrøne partia og undomspartia SV, Ap, Sp, Senterungdommen, AUF og SU i Sogn og Fjordane.

Nils P. Støyva, leiar i Sogn og Fjordane Ap.

Karen Marie Hjelmeseter, leiar i Sogn og Fjordane Sp.

Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV.

Malene Indrebø Langlo, leiar i Sogn og Fjordane AUF.

Ragnhild Underlid, leiar i Sogn og Fjordane SU.

Erlend Herstad, leiar i Sogn og Fjordane Senterungdom.


Sist endret: 30.03.2012 kl. 10:30