Foto: Mats Lillesund
Meir til fattige land
- Mens resten av Europa kutter i budsjetta kan vi satse. Da er det viktig at vi viser internasjonal solidaritet, seier utviklingsminister Heikki Holmås i samband med at regjeringa vil auke satsinga på rein energi, kvinner, likestilling og naudhjelp i fattige land i revidert budsjett for 2012.
Regjeringa foreslår ei auking på fleire områder i bistandsbudsjettet:
- 56 millionar kroner meir til naudhjelp, humanitær bistand og menneskerettar. Pengane skal støtte arbeidet for å unngå kriser og naud i område som er spesielt utsette for katastrofar.
- 25 millionar kroner meir til FN. Pengane skal gå til FNs kontor for koordinering av bistand (UN DOCO) for å gjere FN betre i stand til å hjelpe dei fattigaste.
- 25 millionar kroner meir til rein energi, mellom anna gjennom Verdsbanken. Dette er eit ledd i den internasjonale satsinga på tilgang til energi for alle. Både for å sikre arbeid og for å gjere kvardagen enklare for kvinner som går langt for å hente ved. Mangel på energi er eit av dei største hindra for at tusenårsmåla vert nådd.
- 19 millionar kroner meir til fagleg hjelp innan energi og klimasamarbeid, særskild samarbeid med Kina.
- 5 millionar kroner meir til kvinner og likestilling. Pengane skal styrke kvinners evne til å fremje sine eigne rettar, både innan familien og i samfunnet elles.
- 5 millionar kroner meir til Fredskorpset. Pengane skal gå til eit prosjekt for mødre og born i Malawis hovudstad Lilongwe. Prosjektet spesialutdannar legar og kirurgar som skal sørge for at færre mødre og born døyr under fødsel.
Følg Heikki Holmås på Facebook
Sist endret: 15.05.2012 kl. 15:51
