Arbeidsmiljølova
SV jobbar for eit arbeidsliv med trygge rammer og små lønnsforskjellar. Me treng ei solid arbeidsmiljølov for å demme opp for det skeive maktforholdet på arbeidsplassen. Den som er tilsett er meir sårbar enn den som tilsett.
Alle som kan jobba bør sikrast anstendig arbeid. Alle skal ha ei lønn å leva av og ein jobb å leve med. Det skal vera små lønnsforskjellar og gode livsvilkår uansett arbeidsplass. Vår felles arbeidsinnsats skal komma alle til gode.
Me vil ha eit samfunn der ein ikkje må konkurrera seg til toppen for å få eit godt liv. Uansett hva for ein posisjon ein har i arbeidslivet, skal ein ha gode arbeidsvilkår, verdigheit og medråderett. Utnytting av importert arbeidskraft ved å omgå norske lønns- og arbeidsvilkår har store negative konsekvensar; under dette sosial dumping, undergraving av lønns- og arbeidsvilkår, dårlegare tryggleik, eit høgare tal ulykker, svekking av omfordeling og dermed velferd, og tap av kompetanse. SV vil difor forsterke arbeidsmiljølova og sikre at flest mogleg er fagorganiserte.
SV vil:
- Reversere svekkingar som blei gjort av høgresida og styrke arbeidstakarane sitt vern ytterlegare.
- Sikre eit klart skilje mellom jobb og fritid, gjennom å forsvare normalarbeidsdagen.
- Sikre lovfesta og reell rett til heiltid.
- Få dei kommersielle bemanningsbyråa ut av arbeidslivet. Vikarbyrå skal berre vere tillatte i visse tilfelle, slik regelverket var før år 2000.
- Fjerne unntaket om mellombels innleige av helsepersonell.
- At Arbeidstilsynet skal få heimel til å kontrollere bruken av innleige og sanksjonere dei som bryt lova.
- Iverksetje og styrke tiltak for å redusere diskriminering og rasisme i arbeidslivet.
- Ha norske arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel.
- Styrke vernet av varslarar og innføre eit nasjonalt varslarombod.
- At tilsette i varehandelen skal bli omfatta av arbeidsmiljølovas avgjerder om natt- og sundagsarbeid.
- At reguleringa av sundagsopne butikkar blir overhaldt og oppretthaldt.
- At krava til å dokumentere behovet for allmenngjering av tariffavtalar blir redusert.
- Sikre det kollektive forhandlingssystemet og forsvare streikeretten.