Barnevern
Å verne utsette barn er eit av fellesskapet sine viktigaste oppdrag. Barn som er utsett for vald, overgrep, omsorgsvikt eller andre vonde opplevingar, må få stabilitet og fagleg, trygg omsorg. Difor treng me eit barnevern som handlar om å verne barn, ikkje om å tene pengar.
Barnevernet treng fleire tilsette for å kunne sjå og hjelpe kvart einskild barn på ein god nok måte. Difor jobbar SV for eit nytt barnevernløft i den kommunale barneverntenesta. Barnet sitt beste skal alltid være viktigast, og barn må få auka medverknad i barnevernet.
SV er nøgd med at vi har fått medhald på Stortinget i at alle barn skal få ei psykisk og somatisk helseundersøking ved omsorgsovertaking.
SV vil:
- At barn sin rett til medverknad skal vere med i alle relevante paragrafar i barnevernlova. Barn si røyst skal bli høyrt, og verte tillagt vekt, i saker som gjeld dei.
- Ha arbeidstidordningar heimla i tariffavtale og som sikrar barn sin tryggleik.
- Sikre at alle som skal jobbe med barn og familiar får god kunnskap om vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.
- Innføre autorisasjon av sosionomar og barnevernspedagogar.
- Utvikle og oppskalere fleire barneverntiltak i offentleg regi, og i samarbeid med ideelle aktørar, for bruk i den kommunale barneverntenesta.
- Rekruttere fleire fosterheimar, særleg med minoritetsbakgrunn, og styrke barnevernet si oppfølging og rettleiing av fosterheimane.
- At fosterheimane skal få betre sosiale og økonomiske rettar.
- At myndighetsutøving i barnevernet skal utførast av det offentlege, ikkje private aktørar.
- At staten sin undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten (Ukom) får utvida mandat til å undersøke alvorlege saker i barnevernet.
- Styrke det førebyggjande og tverrfaglege arbeidet i alle tenester inn mot barnevernreforma.
- At barnevernet skal ha ansvar for alle einslege mindreårige asylsøkarar, også dei mellom 15 og 18 år, for å sikre at alle barn får den omsorgen, tryggleiken og barnefaglege oppfølginga dei har krav på.
- Avskaffe anbodregimet i barnevernet. Enkeltbarn og deira tilbod skal ikkje settast ut på anbod. SV vil ha eit offentleg tilbod og langsiktige samarbeid med ideelle aktørar i tillegg.
- Fase ut kommersielle aktørar i barnevernet og erstatte dei med offentlege tilbod, supplert av ideelle.
- Auke bemanninga i det kommune barnevernet, og innføre ein rettleiande bemanningsnorm.