4. juni annonserte alle partia på Stortinget at me har samla oss om ein langtidsplan for Forsvaret.
SV er fornøgde med å vera med på eit forlik som legg til rette for å styrka den nasjonale forsvarsevna. Me treng eit forsvar som i større grad kan hevda suverenitet og bidra til lågspenning i nærområda våre. Til det trengst det nok folk og rett kompetanse.
SV ville ha ein realistisk plan, som faktisk styrkar forsvarsevna og som først får det Forsvaret me har til å fungera. Det meiner me at me har fått gjennomslag for.
For dette er ein plan som har meir personell og betre styring som ein føresetnad for å gjera større investeringar i materiell. Dette er eit linjeskifte i forsvarspolitikken. Det er ikkje nok å investera i meir materiell, om ikkje det finst folk til å operera og vedlikehalda det. Forsvaret har i lang tid tært på personell og drift for å kjøpa inn kampfly og fregattar, og har ineffektive styringssystem som tærer på tolmodet til dei tilsette. Resultatet er personellflukt og redusert forsvarsevne.
Ei hovudsak for oss i forhandlingane var derfor å få på plass konkrete tiltak for å stoppa personellflukta i Forsvaret. Forbunda som organiserer dei militært tilsette bad Stortinget om støtte til å sikra ei betre pensjonsordning. Dårleg pensjon er ein hovudgrunn til at folk sluttar i Forsvaret før tida. Her fekk SV betydeleg gjennomslag. No har Stortinget slått fast at hovuddelen av inntekta for militært personell skal bli pensjonsgivande. SV har dermed innfridd fagrørslas viktigaste krav.
Andre gjennomslag me er fornøgde med er:
Forsvarsforliket inneheld også ei satsing særleg på Sjøforsvaret og luftvern, med store nye materiellinvesteringar, saman med ei styrking av Hæren og Heimevernet. For å sikra mest mogleg demokratisk kontroll blir det innført ei ny ordning med årleg rapportering til Stortinget om status, framdrift, utfordringar og risiko ved gjennomføringa av planen. Stortinget kan då gjera endringar i planen.
Ei styrka nasjonal forsvarsevne vil bidra til lågspenning i nærområda våre. Ved å vera til stades og hevda suverenitet reduserer me stormaktsrivalisering og potensialet for større konfliktar. For SV er dette hovudgrunnen til å delta i eit breitt forsvarsforlik. Saman med andre delar av vår utanriks- og sikkerheitspolitikk er dette fredspolitikk i praksis. SV arbeider vidare for internasjonal nedrusting, diplomati, konsekvent handheving av folkeretten og å motverka årsakene til krig og konflikt.