Nynorsk
Nynorsk er ein viktig del av det norske språket både som hovudmål og sidemål. SV meiner at det må bli gjort meir for å sikre gode vilkår for nynorsk, ei god opplæring i nynorsk for alle som har dette som hovedmål, og at nynorsken må styrkast i lærerutdanningane.
SV vil:
- Sikre god nynorskstimulering. For å sikre ein god overgang frå barnehage til skule i nynorskområde må barna få nynorsk språkstimulering i desse barnehagane.
- Sikre nynorsk i opplæringa og gi nynorskelevar like gode vilkår i skulen som bokmålselevar. Elevane skal lære to skriftspråk. Nynorskelever sin rett til nynorsk undervising og til å høyre til i nynorskklassar må sikrast gjennom heile grunnskulen.
- At kunnskapen til eleven i sidemålet må bli vurdert på lik line med hovudmålet både på ungdomsskulen og i studieførebuande opplæring.
- At opplæringsmateriell til skulebruk, både digitalt og i fysisk format, skal vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, og med god kvalitet.
- Innføre tiltak for å motvirke språkbytte frå nynorsk til bokmål.
- Styrke innsatsen for at studentar held på nynorsk i overgang til høgare utdaning.
- At norskopplæringa for voksne arbeidsinnvandrarar skal skje på nynorsk i nynorskkommunar.
- Sikre reell likestilling mellom nynorsk og bokmål på alle samfunnsområde. Det betyr eit særskilt statleg ansvar for å fremje nynorsk og sikre gode vilkår for det minst brukte av dei to språka. Det skjeive maktforholdet mellom språka må jevnast ut, og brukarane må få like høve til å bruke og bli møtt med språket sitt.