Klima
Me må kutte utsleppa våre no for å kjempe mot farlege klimaendringar. Klimakrisa er urettferdig. Det er dei rikaste, både i Noreg og i verda, som forureinar mest, medan dei fattige landa blir hardast råka av klimaendringane sjølv om dei har gjort minst for å forårsaka dei. Vi ser allereie konsekvensane av klimaendringane med meir flaum, tørke og ekstremvær.
Noreg har nesten dobbelt så høge klimagassutslepp per person som det Sverige har. Og sjølv om norske utslepp no går noko ned, så er ikkje nedgangen stor nok til at Noreg klarte å nå Stortingets klimamål for 2020. SV ønskjer at Noreg skal kutte utsleppa fram mot 2030 med 70 %. Innan 2040 skal Noreg ha nær null eller negative utslepp.
Nøkkelen til store kutt i klimagassutsleppene er å redusere energiforbruket og erstatte fossil med fornybar energi i alle delar av samfunnet, og samtidig ta vare på naturens evne til å binde karbon. Dette er ei omfattande oppgåve, derfor er det viktig at det utarbeides et klimabudsjett for heile samfunnet og bruk av statsbudsjettet slik at samfunnet kan styras mot klimamålet. SV har eit klimabudsjett i vårt alternative statsbudsjett for å vise hvordan det er mulig å nå 70 % kutt innen 2030, men dette blir vanskeligere for kvart år som går. Vi treng ein reell plan for å kutte klimagassutslippene og samtidig sikre eit rettferdig grønt skifte.
SV sine forslag:
- SV vil at olje- og gassproduksjonen må reduserast slik at verda har ein god sjanse til å unngå global oppvarming på meir enn 1,5 gradar.
- SV går mot nye oljeutbyggingar og tildeling av nytt areal til leiting etter olje og gass. Det er likevel område som er meir sårbare enn andre, og vi må minst sikre eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, den miljøfaglege iskantsonen, polarfronten, Trænarevet, Iverryggen.
- Prioritere kollektivtrafikk, sykkel og gange framfor motorvegar inn mot byane. Alle transportformar må over på nullutsleppsløysingar. Staten må gjere det enklara å reise miljøvenleg.
- Utbygging av lyntog og Nord-Norge banen framfor utviding av flyplassar ved dei store byane. Me seier nei til en tredje rullebane på Gardermoen.
- Den økonomiske politikken må styret etter Parisavtalens mål om maksimalt 1,5 gradars oppvarming og stimulere til kutt i utslepp. SV vil auke CO2-avgifta. Inntektene frå den auka CO2-avgifta skal betalast tilbake til folk med låge og vanlege inntekter og bidra til utsleppskutt i sektorer som treng hjelp til omstillinga. Vi kallar det ein grøn folkebonus.
- Redusere utsleppene frå forbruket vårt. Redusere overforbruket og stoppe sløsinga av ressursar. Sikre tilgang til fornybar energi for grøn omstilling.
- Fase ut all forbruk av fossil energi i alle sektorar.
- Satse på energieffektivisering. SV vil sørge for at vi kutter minst 12 TWh gjennom energieffektivisering i bygg innan 2030. Me vil og auke energiproduksjonen i bygg og på sikt halvere energibruken i bygg. Gjere det enkelt for alle innbyggjarar å energieffektivisere.
- Kutte utslepp frå industrien, og sette fullt i gang med fangst og lagring av CO2. Stille krav til utsleppsfrie bygg- og anleggsplassar.
- At oljefondet og kommunale fond trekk seg ut av investeringar i fossil energi.
- Trappe opp satsinga på bevaring av regnskog og sørge for at Noreg tar sitt rettmessige ansvar for å bidra til klimafinansiering i fattige land.