Sykkel
SV vil legge til rette for meir sykling. Sykkel er eit av våre mest miljøvenlege transportmiddel, og skal vi nå eit meir klimavenlege samfunn må vi legge til rette for at fleire syklar. Det skal bli enklare å bruke sykkelen som transportmiddel i kvardagen og elsykkelen har gjort målet enklare å nå. Vi vil legge til rette for syklande og gåande framfor biltrafikk.
SV sine forslag til løysingar:
- Prioritere syklande og gåande framfor bilen.
- Bygge fleire samanhengande og fråskilte gang- og sykkelvegar.
- Sørge for betre vedlikehald av gang- og sykkelvegane, gjennom heile året.
- Premiere kommunar som satsar på sykkel.
- Forenkle vikepliktreglane for sykkel.
- Fjerne parkeringsplassar der dei kjem i konflikt med utbygging av gang- og sykkelvegar.
- Ha betre skilting og merking av gang- og sykkelvegar.
- Setje ned fartsgrensene på vegar der mange syklar, og førebyggje ulykker og skadar gjennom auka hjelmbruk, betre sykkelopplæring og informasjon og endra trafikkreglar.
- Stille krav om sikker sykkelparkering ved knutepunkt, offentlege stadar, bustadområde og arbeidsplassar til lokale styresmakter og private utbyggjarar.
- Sikre gang- og sykkelvegar langs nasjonale turistvegar.
- Ikkje tillate private aktørar å leige ut el-sparkesyklar utan avtale med kommunen.