Trua artar
Planter og dyr vert utrydda i eit urovekkande tempo. Vi får stadig nye rapportar fra FN som seier kor dramatisk og alvorleg naturtapet er.
Dette truar heile vårt livsgrunnlag, og naturens egenverdi. Naturen gjev oss mat, klede, medisinar, byggematerialar og opplevingar. Vi vil ta vare på leveområda til planter og dyr, både gjennom vern, fornuftig bruk og restaurering av øydelagd natur.
SV vil:
- Sørge for at fleire planter og dyr, og ulike naturtypar får betre vern gjennom naturmangfoldlova.
- Sikre levedyktige bestandar av de fire store rovdyra i Noreg og at rovdyra har samanhengande leveområde. SV meiner at bruk av utmarksbeite er svært viktig og at ein må gje støtte til omstilling i dei områda fellesskapet vel å ha område prioritert for rovdyr.
- Gi betre vern for villrein og leveområda deira.
- Bekjempe spreiing av framande artar i norsk natur.
- Iverksette tiltak for å sikre bestandene av trua sjøfuglar.
- Ta vare på villaksen. Vi vil innføre krav om at innan 2020 skal all oppdrettslaks dobbeltmerkast på ein måte som gjer at rømt fisk enkelt kan verte identifisert og spora.
- Ha ein ny og forpliktande tiltaksplan for å verne bestanden av insekt.
- Sikre vern av gamle og spesielt artsrike skogar.
- Styrke miljøkompetansen og -kapasiteten i kommunane.
- Utarbeide eit økologisk grunnkart. Skal vi ha god forvaltning og planlegging må vi vite kva naturtypar, landskapstypar og artar, vi har.
- Ta større omsyn til naturen ved vegutbyggingar.