Ein god barndom varer heile livet. Gjennom sterke fellesarenaer gir me barna våre best føresetnader for å lukkast. Barnehagen skal ta vare på barns behov for omsorg og leik, og er fyrste skritt på vegen til livslang læring og daning. SV vil prioritere tiltak som styrkar kvaliteten i barnehagen og som gir alle barn høve til å gå i barnehage. Barn som skal utforske og bli rettleia i leik og læring, og som skal vakse og utvikle seg saman med andre, treng å ha stabile vaksne rundt seg som har kompetanse om barn og forståing for barns behov.
At alle barn blir sett kvar dag og at dei får omsorg og oppmuntring, er viktig for ein god kvalitetsbarnehage. Vi vil ha ein barnehage som gir alle barn like sjansar og bidrar til å utjamne sosial ulikheit, uavhengig av foreldras inntekt. I staden for behovsprøving, som både er byråkratisk og stigmatiserande, vil me at barnehagen skal være billegast mogleg for alle, og på sikt vere gratis. SV har difor redusert maksimalprisen for foreldrebetalinga.
SV vil:
At alle barn skal ha rett til barnehageplass nær bustaden frå det året dei fyller eitt år.
Ha fleire barnehagelærarar og andre tilsette. For å stø opp under barns læring og daning, må barnehagen ha høg kompetanse og tilstrekkeleg bemanning.
Sikre forsvarleg bemanning i heile opningstida og gjennomføre bemanningsnormen. Det må vere vikar ved fråver, og store barnehageeigarar bør ha fast ansatte vikarer.
Vi vil at minst 50 prosent av dei tilsette i barnehagane skal være barnehagelærarar, og minst 25 prosent skal vere fagarbeidarar.
Styrke den spesialpedagogiske kompetansen i alle barnehagar.
At alle tilsette skal ha barnehagefagleg grunnkompetanse.
Innføre eit krav i barnehagelova om at barnegruppas storleik skal være forsvarleg.
At barna skal få ei lovfesta rett til gode, grønne uteareal i barnehager.
At det skal være eit lovfesta krav om ein styrar i kvar barnehage.
At pengane skal gå til barna, ikkje til profitt. SV vil endre lovverket slik at all offentlig stønad og foreldrebetaling skal kome barna i barnehagen til gode.